Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis førebyggje mobbing?

l 2002 kom det første Manifest mot mobbing. Sidan den gong har avtalen vorte revidert fleire gonger, og den som gjeld no, heiter Partnerskap mot mobbing. Han gjeld frå 2021 til 2025. Målet er at alle barn og unge skal ha eit læringsmiljø utan mobbing.
Fire skulejenter ler saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Felles tiltak

"Partnarskap mot mobbing" er ein forpliktande samarbeidsavtale mellom mellom anna regjeringa, KS, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalget for barnehager, skolen og SFO. Alle partane forpliktar seg til å jobbe for ein felles visjon om nulltoleranse for mobbing. Nokre av dei felles tiltaka som blir nemnde, er å spreie kunnskap om mobbing og å heve kompetansen hos tilsette og leiarar i barnehagar, skular og SFO.

Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver (2017) seier at barnehagen har ei samfunnsoppgåve i å førebyggje mobbing tidleg. Barnehagen skal fremje positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald.

I januar 2021 vart barnehagelova endra. Den nye lova seier at barnehagen skal ha nulltoleranse for krenkingar, utestenging, mobbing, vald og trakassering. Dermed sikrar regjeringa at alle barn – uavhengig av kva barnehage dei går i – får hjelp av vaksne til å ta godt vare på kvarandre.

Sosial kompetanse

Sosial kompetanse er vesentleg for å motverke utviklinga av problemåtferd som diskriminering og mobbing. Toleranse og respekt skal vere grunnleggjande verdiar i barnehagen. Personalet som rollemodellar skal bidra til at barna rettar seg etter dette verdigrunnlaget, og dei skal vere tydelege og omsorgsfulle og dessutan skape eit varmt og inkluderande sosialt miljø.

Rammeplanen for barnehagen og kunnskapsløftet frå 2020 fokuserer mykje på mellom anna trivsel for å førebyggje mobbing. Når barn og unge trivst i barnehagen og på skulen, fremjar det læring og utvikling. For å få til dette må dei tilsette utvikle den sosiale kompetansen til barn og unge. Sosial kompetanse blir utvikla i ein fellesskap og i samhandling med andre. Gjennom eit slikt samspel utviklar barn sosiale ferdigheiter som empati, samarbeid, sjølvhevding, sjølvregulering og ansvarskjensle.

I den nye rammeplanen for SFO (2021) blir det framheva at SFO skal vere ein stad der barn opplever likeverd, sosial tilhøyrsel og sosial fellesskap med andre. Dette føreset respekt for at alle er ulike og anerkjenning av mangfald. Barn skal oppleve miljøet som trygt og godt.

Tiltaksprogram

Det finst ei rekkje tiltaksprogram som skulane har nytta for å førebyggje mobbing. Dei mest kjende i Noreg er Olweusprogrammet mot mobbing, Zero, SAFs program mot mobbing og Steg for Steg. Forsking viser at tiltaksprogram reduserte omfanget av mobbing betrakteleg, og at verknadene er større dess lenger tiltaksprogramma har vart.

Slike tiltak har òg hatt positiv effekt på anna antisosial åtferd som til dømes hærverk, tjuveri og skulk, og dei har ført til auka trivsel og eit betre sosialt klima. Dette fortel oss at det er viktig å jobbe med å førebyggje mobbing, og at det gir gode resultat for både mobbing og anna antisosial åtferd.

Førebygging

Førebygging av mobbing er i stor grad eit haldningsarbeid der både vaksne og barn og unge må ta eit felles tak. Fleire av tiltaksprogramma for skulen nyttar film og rollespel som grunnlag for samtalar og har som mål å gjere barna medvitne på korleis dei sjølve ville ha reagert i ein ekte mobbesituasjon. Målet med haldningsarbeidet er at fleire tør å stå imot makta til utøvaren i situasjonen ved å vise at dette ønskjer dei ikkje å vere med på.

Dette er noko som krev mot av barna, og dei vil trenge mykje støtte og mange positive stadfestingar på dei positive sosiale handlingane dei gjer, for å kjenne seg trygge på dette. Til dømes kan vi støtte barna ved å seie: "Så fint at du sa frå, Petter, då du såg at det Nils gjorde, ikkje var bra." Eller: "Så fint at de leikar saman, alle fire." Når barna får slike godkjennande tilbakemeldingar på dei positive handlingane dei gjer, kjenner dei seg trygge og sterkare, og dei lærer seg at det er slik det skal vere.

Nøkkelprinsippa for dei ulike tiltaksprogramma er baserte på erfaringar og det forsking seier er viktige oppsedingsformer som førebyggjer aggressiv åtferd. Prinsippa legg vekt på

  • å skape eit miljø som er kjenneteikna av varme, positiv interesse og engasjement frå vaksne, og å setje faste grenser for uakseptabel åtferd mot andre
  • å vere konsekvent i bruken av ikkje-fysiske og ikkje-fiendtlege følgjer når reglar blir brotne
  • at dei vaksne skal vere autoritetar i form av å vere tydelege, sterke, varme og omsorgsfulle, og at dei har ansvar for den totale situasjonen til elevane både fagleg og sosialt

Det er ikkje utarbeidd nokon tiltaksprogram for barnehagane, men grunnprinsippa i programma til skulen kan overførast til tilsette i barnehagen fordi desse prinsippa er knytte til vaksenrolla.

Lita jente og vaksen kvinne pressar nasane saman og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rollemodellar

Det er vi vaksne som jobbar med barn og unge, som legg grunnlaget for eit godt sosialt miljø. Vi er viktige rollemodellar og bidragsytarar for at barna skal få positive sosiale haldningar, som mellom anna inkludering, toleranse og respekt for kvarandre og for det miljøet vi er ein del av. Ein vaksen som greier å setje grenser og er varm og tydeleg, vil verke førebyggjande mot mobbing og anna antisosial åtferd. Ein slik vaksen blir sett på som sterk og vil derfor ha innverknad på barnegruppa. Den vaksne er sterk fordi ho eller han er tydeleg, klarer å setje grenser og å gi omsorg, ser alle barna i gruppa og er rettferdig.

Denne veremåten set då ein standard for korleis det skal vere i den sosiale fellesskapen. Den vaksne er sjølv eit godt førebilete og viser kva som er rett og gale ved å positivt stadfeste og framheve det som er bra, og ved å setje tydelege grenser og gripe inn ved åtferd som ikkje er god. Det er ein vaksen som ser alle barna, anerkjenner og respekterer alle og viser at alle er viktige og like mykje verd.

Handlingsplanen til skulen

Alle skular er pålagde å ha eigne handlingsplanar for korleis dei skal førebyggje mobbing, for korleis dei skal avdekkje om mobbing skjer, og for korleis dei jobbar når mobbing har skjedd. No blir òg barnehagane sterkt oppmoda til å jobbe for å førebyggje mobbing, og det vil etter kvart bli stilt krav til at barnehagane skal utarbeide sine eigne handlingsplanar.

Ein god del av handlingsplanane til skulane legg større vekt på korleis skulen skal følgje opp barn som har vorte utsette for mobbing, enn kva tiltak skulen skal nytte for å førebyggje og avdekkje om mobbing skjer. Det er viktig at skulen tek føre seg denne siste delen òg, og at desse tiltaka er godt kjende blant dei tilsette, slik at alle jobbar mot same mål og tek eit felles tak i det førebyggjande arbeidet.

Eit afrikansk ordspråk seier: "Det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn." I dette ligg det at alle må stå for det same, og at alle må følgje opp. Vi vaksne må stå for dei same verdiane, gripe inn når noko negativt skjer mellom barna, og løfte fram det positive som vi ønskjer å forsterke.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil nulltoleranse for mobbing seie?
  2. Korleis kan vaksne vere gode rollemodellar som førebyggjer mobbing?
  3. Tenk gjennom kva mobbeprogram du sjølv har delteke i som elev. Kva verknad hadde dei?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Nergaard, Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Mobbing og mistrivsel