Fagstoff

Aktivitetar der vi dyttar og dreg

Publisert: 06.04.2010, Oppdatert: 03.03.2017

 

Dytteteknikk  

 

Gut dyttar tralle med ein kasse på. Foto.Dytteteknikk 1  

 

Gut sett frå sida, dyttar tralle med ein kasse på. Foto.Dytteteknikk 1, frå sida  

 

Fotstilling til gut som dyttar tralle. Foto.Dytteteknikk 2   

 

Gut dyttar tralle med ein kasse på. Foto.Dytteteknikk 3  

Dytte - og dra- aktivitetar

Definisjonar

  • Dytteaktivitet inneber at ein skyv ein gjenstand framfor seg
  • Draaktivitet inneber at ein dreg ein gjenstand etter seg
  • Dytteaktivitet er å føretrekkje framfor draaktivitet dersom arbeidsoppgåva tillet det.

 

Ulemper med draaktivitetar

  • Draaktivitet med kroppen vend i den retninga som gjenstanden blir dregen i, fører til at kroppen kjem i ein unaturleg og lite gunstig posisjon med armane strekte ut bak kroppen.
  • Draaktivitet med kroppen vend mot gjenstanden gir dårleg sikt, som kan skape situasjonar som kan bli farlege.
  • Dersom ein dreg ein tung gjenstand på hjul, kan det bli vanskeleg å stanse raskt.

 

Dytteteknikkar

  • Ein gjenstanden som blir dytta, må dyttast på ein slik måte at ein har god kontroll dersom det er behov for å endre retninga.
  • Når ein dyttar ein tung gjenstand medan han er i rørsle, så er det gunstig å  stille kroppen slik at ein lett kan bruke dei store muskelgruppene.
  • Beina skal ha ein avstand som er omtrent den same som avstanden mellom hoftene eller skuldrene, slik at ein har stor stabilitet samstundes som den eine foten er litt framfor den andre.
  • Sørg for at du har på gode sko som gir godt feste når du dyttar, slik at du ikkje står i fare for å skli eller falle. Eit godt feste gir opptil 50 prosent meir kraft når du dyttar ein gjenstand.
Oppgåver
Relatert innhald