Fagstoff

Priskalkyle

Publisert: 01.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Kompositte materialer: Vevd glassfiber (SEM)

Å setje korrekt pris på ei vare eller teneste er ei stor utfordring. Mange nyetablerte handverkarar har ein tendens til å setje prisen på produkta sine for lågt. Andre klarer å prise seg ut av marknaden. No er det sikkert dei færraste som har begynt på design og handverk fordi dei er veldig glad i matte, men å lære seg å setje opp ein priskalkyle, er noko du vil finne ut etter kvart er svært nyttig.

Sjølvkostkalkyle og bidragskalkyle

Grovt sett er det to måtar å lage ein priskalkyle på. Den eine kallar vi sjølvkostkalkylen, og der reknar vi ut kva vara må koste for at vi skal få dekt alle våre kostnader og ei viss forteneste. Den andre kalkylen kallar vi bidragsmetoden. Og her tek vi i større grad omsyn til den optimale prisen i marknaden. I ein marknad med priselastisitet vil det normalt vere slik at talet på selde einingar blir redusert ved auka pris. Den optimale prisen er derfor den som gir oss det høgste bidraget når vi multipliserer pris med talet på selde einingar.

Ein sjølvkostkalkyle set vi opp slik:

Sjølvkostkalkyle. Bilete.Sjølvkostkalkyle

I varekostnaden ligg alle kostnader i samband med produksjon av vara fram til ho ligg  på lager. For ein handverkar vil det i hovudsak vere samla materialkostnader inkludert frakt, toll, etc. For dei fleste vil det vere naturleg å også leggje timekostnaden til sjølve framstillinga av produktet hit. Dei indirekte kostnadene er løpande kostnader som ikkje har noko direkte tilknyting til framstilling av vara. Eksempel på dette er husleige, straum, lønn til tilsette i butikk, telefonutgifter, marknadsføringskostnader etc. Når vi summerer varekostnad og indirekte kostnader får vi sjølvkost. På dette legg vi ei viss forteneste.

Ein bidragskalkyle set vi opp slik:

Bidragskalkyle. Bilete.Bidragskalkyle

Varekostnaden er i samsvar med sjølvkostkalkylen alle kostnader i samband med å få vara på lager. Den avansen som her blir lagd til som prosent av varekostnaden, skal både dekkje alle indirekte kostnader og forteneste. Denne avansen reknar vi ut på grunnlag av dei budsjett-tala som blir lagde til grunn for verksemda. Bidragskalkylen kan også nyttast til å finne til kva minimumspris vara kan seljast til dersom salet skulle svikte på grunn av for høg pris, og vi berre får dekt sjølve varekostnaden.

Oppgåver