Fagstoff

Blodet

Publisert: 10.09.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Hugselappen

  • Blodet får sin raudfarge frå proteinet hemoglobin som inneheld jern.
  • Makrofager er kvite blodceller som angrip og "et" framande celler.
  • Eit vakse menneske har mellom fire og seks liter blod avhengig av kjønn, høgde og vekt.
  • Blodtype er knytt til overflata på dei raude blodcellene. Ein person med blodtype A har antistoff mot cellene i blodtype B, og motsett.
  • Blodtype er arveleg.

Blodceller. Illustrasjon

Blodet består av to hovuddelar; blodceller og plasma - væska som blodcellene flyt rundt i. Blodcellene består av raude og kvite blodceller samt blodplater. I blodplasmaet finn ein ei mengde stoff som er løyst opp, som næringsstoff, avfallsstoff, hormon og antistoff. Blodet er også viktig for kroppen si temperaturregulering. Vi kan seie at blodet transporterer varme frå kroppen sine indre delar til huda, der varmen gis til omgjevnadane.

Raude blodceller

Hovuddelen av blodcellene er dei raude blodcellene. Deira viktigaste oppgåve er å frakte oksygen frå lungene til alle delar av kroppen. Dei raude blodcellene inneheld proteinet hemoglobin som bind til seg oksygen i lungene, og som frigjer oksygenet til kroppen sitt vev ettersom blodet sirkulerer rundt i kroppen. Dei raude blodcellene transporterer også ein del av avfallsstoffet karbondioksid frå veva og til lungene slik at det kan pustas ut.

 Blodårer med blodceller. Illustrasjon.Raude blodceller 

Makrofager angriper E. coli-bakterier. Foto.Makrofager - kvite blodceller 

Bildet viser en helsesekretær som tar blodprøve i finegren til et barnHelsesekretær tek blodprøve. 

Blodbanken på St. Olavs Hospital i Trondheim. Foto.Blodgivarar er viktige 

Kvite blodceller

Kroppen vår inneheld også fleire typar kvite blodceller som beskyttar kroppen vår mot infeksjon. Dei fleste kvite blodcellene er såkalla nøytrofile, som angrip og fortærer bakteriar. Ein annan type, lymfocyttar, kjenner igjen framande celler, smittsame organismar og andre framande stoff, og deltar i kroppen sin immunreaksjon mot dei. Det finst også andre typar kvite blodceller, men dette er to av dei vanlegaste.

Blodplater

Ein tredje type blodceller er blodplater. Når eit blodkar blir skada, må blødinga stansas. Først samlar blodplatene seg. Kjemiske stoff i plasma hjelper deretter blodplatene med å forme ein blodpropp som tettar igjen holet eller såret. Dette er ein omfattande prosess  som vi kallar koagulasjon. Vi seier at blodet koagulerer.

Dei fleste raude blodcellene blir produsert i beinmergen. Når raude blodceller og blodplater blir gamle og fungerer dårlegare, blir dei filtrert ut av blodstraumen og brote ned i milten og levra.

Lymfesystemet

Milten og lymfeknutane, saman med lymfebanar og -kanalar som bind dei saman, kallar ein lymfesystemet. Lymfesystemet transporterer fett frå tarmen og overskotsvæske frå veva.  Lymfesystemet er forbunden med ei vene slik at stoffa i lymfa kjem tilbake til blodet. Lymfesystemet inneheld lymfocyttar og speler ei viktig rolle i immunforsvaret.

Blodtypar

Ein deler blod inn i blodtypar. To vanlege blodtypesystem er

  • AB0-systemet (0 = null)
  • Rhesus-systemet, som skil mellom Rh+ og Rh-

Omtrent 40 % av den norske befolkninga har blodtype 0, 48 % har A, 8 % har B, og 4 % har AB. 85 % av den norske befolkninga er Rh-positiv, medan 15 % er Rh-negativ. Det har ikkje betyding for helsa di kva for ein blodtype du har, men ved blodoverføring må blodtypane til givar og mottakar passe saman.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald