Fagstoff

Innebandy

Publisert: 24.03.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Biledserie, innebandy

Innebandy er ein relativt ny idrett. Det er ein utprega lagsport, som blir spela med kølle og plastball på ein bane som måler 20 x 40 meter. Rundt banen går eit 50 cm høgt vant. Kvart lag består av fem utespelarar og ei målvakt. Ein kamp blir normalt spela i tre omgangar à 20 minutt. Tempoet er høgt, og spelarane blir ofte bytte ut. To dommarar er med heile tida.

Gutter som spiller innebandy.foto.robbieInnebandy  

 

Jenter spiller innebandy. Foto.Innebandy lagidrett   

 

 

Jente spiller innebandy. Foto.Claudio Schwarz`sInnebandy, jente  

 

innebandy. Foto.Bryting   

Innebandy oppstod ein gong i slutten av 1960-åra og har sidan blitt svært populært i skolen. Mykje av grunnen er nok at spelet er enkelt. Til å vere eit lagballspel er innebandy ein lågterskelidrett. Det blir ikkje stilt så store krav til ferdigheiter for at vi kan vere med i spelet og oppleve utvikling og meistring.

Til å begynne med var innebandy ein måte å trene på for bandyspelarane i den isfrie årstida. Sidan blei spelet innført i skoleverket i 1970-åra for å auke rekrutteringa til bandy. Både lærarar og elevar fekk stor interesse for innebandy. Eit stort arbeid blei lagt ned av Per Fredrik Wright, som må kunne kallast «far til innebandyen» i Noreg.

I 1991 blei innebandy offisielt ein del av idrettane i Norges Bandyforbund. Stadig fleire barn, unge og vaksne finn fram til denne idretten. Frå 1991 og fram til i dag er talet på lisensierte innebandyspelarar tidobla.

Dei små krava til dugleik gjer det enkelt å ta opp nye spelarar også i relativt høg alder. Dette særpreget vil innebandyen gjerne bevare. Det skal vere ein idrett for alle. Ei utfordring blir da korleis vi skal drive ferdigheitslæring for spelarar på svært ulike nivå og med ulike ambisjonar. Som i andre lagballspel trengst det også i innebandy trening på fleire ferdigheiter om ein skal prestere godt. Fysiske, psykiske, tekniske, taktiske og sosiale ferdigheiter påverkar spelarane og spelet.

På sidene framover skal vi konsentrere oss om tekniske og taktiske ferdigheiter. Vi skal sjå på korleis vi utfører forskjellige handlingar (teknikk), og kva val vi gjer i gitte situasjonar (taktikk). Målet er å integrere teknisk og taktisk trening, slik at teknikk og taktikk kan lærast mest mogleg saman og ikkje kvar for seg.

Innebandykamp