Fagstoff

Stoffskiftet

Publisert: 24.06.2010, Oppdatert: 06.06.2018
Succinyl-CoA synthase enzym

Stoffskiftet eller metabolismen er eit samleomgrep for dei kjemiske reaksjonane som skjer inne i cellene i kroppen. Stoff blir bygde opp og brotne ned, og det blir frigjort energi frå karbohydrat, feitt og protein. Dei fleste av desse reaksjonane skjer på rett måte fordi det er enzym som driv dei.

This node does not support insertion type thumbnail  
 
Diagram som viser energiforholdene. Illustrasjon.Reaksjonen treng mindre energi for å gå når enzym kjem med i reaksjonen. Då går han mykje raskare.  

 

Skjermbilete av simulering om pepsin og protein.Pepsin løyser opp eggekvite  

 

Enzymet pepsin. Illustrasjon.Den tredimensjonale strukturen til enzymet pepsin.  
 
Enzym. Simulering.Simulering: Enzym.    

Enzym

Enzym er protein som verkar som katalysatorar. Katalysatorar er stoff som får kjemiske reaksjonar til å gå raskare utan sjølv å bli brukte opp i reaksjonen.

Det er nesten eit enzym for kvar kjemiske reaksjon i kroppen, og det finst mange tusen enzym i cellene i kroppen. Enzyma har eit såkalla aktivt sete der stoffa som reagerer (substratet), bind seg, og katalysen skjer.

Enzym. Illustrasjon.Figuren viser skjematisk korleis eit enzym verkar i ein reaksjon.  

Dersom eit enzym i kroppen ikkje verkar som det skal på grunn av ein mutasjon, kan det få alvorlege følgjer. Mange av dei arvelege sjukdommane kjem av at eit enzym ikkje verkar. Eit eksempel er Føllings sjukdom eller fenylketourini. Enzymet som bryt ned aminosyra fenylalanin, verkar ikkje, og då kan aminosyra hope seg opp og skade hjernen.

Eksempel på katalysatorar i aksjon

 

Relatert innhald