Fagstoff

Truslar mot det biologiske mangfaldet

Publisert: 05.10.2010, Oppdatert: 07.08.2018
Stubbe med stort biomangfold.

Gjennom heile historia til jorda har miljø og klima vore i endring. Somme gonger har det skjedd store endringar i løpet av kort tid som følgje av naturkatastrofar. Mange artar har døydd ut fordi dei ikkje har greidd seg under dei nye miljøforholda. Det er sannsynleg at om lag 99 prosent av artane som nokon gong har levd på kloden vår, er utdøydde. Enno i dag er det biologiske mangfaldet på jorda trua. Mange artar blir utrydda av oss menneske på grunn av at vi ikkje er varsame, og på grunn av manglande kunnskap.

Brent regnskog. Foto.Jungel blir ofte brend med det formålet å skaffe ny, "frisk" jord til jordbruk i tropiske strøk. Sørlege Mexico.  

 

Platanlønn. Foto.Platanlønn. Innført parktre som trivst godt og spreier seg i norsk natur.   

 

Amerikansk bison. Foto.Amerikansk bison, nær utrydda av nybyggjarane på 1800-talet.  

 

Mammuter. Illustrasjon.Mammuten tapte kampen mot steinalderfolket og klimaendringane.  

Det er i dag mange truslar mot det biologiske mangfaldet:

Tap av leveområde

Den store befolkningsauken på jorda dei siste 50 åra har ført til at stadig større delar av dei naturlege økosystema har blitt tekne i bruk til menneskelege formål. Byane i verda blir stadig større. Det blir bygd fabrikkar, flyplassar og vegar. Tropeskogane blir hogne ned i høgt tempo. Dette fører til at leveområda til artane blir øydelagde. les meir

Det hjelper lite å frede ein art om det leveområdet han er avhengig av, forsvinn. Når eit våtmarksområde blir drenert fordi det skal dyrkast opp, er dei artane som lever der, tvinga til å flytte til eit anna våtmarksområde om dei skal overleve. I mange tilfelle finn dei ikkje ein ny stad der dei kan slå seg ned. Inngrep som fører til oppsplitting av naturlege leveområde, kan òg skade artane. Populasjonar kan i somme tilfelle bli så isolerte at dei ikkje er levedyktige. gøym

 

 

Iberiaskogsnegl. Foto.Iberiaskogsnegl. Importert til Noreg med potteplanter. 

Framande artar

Innførsel av nye artar er den nest største trusselen mot det biologiske mangfaldet. Artar som ikkje høyrer heime i landet vårt kan etablere seg i norsk natur. Når arten først har fått fotfeste, er han vanskeleg å kontrollere. Etter kvart kan dei nye artane ta over levestadene til andre artar og fortrengje andre artar frå området. Ofte er det mennesket som fraktar med seg dei nye artane. les meir
  • Iberiasniglane kom til Noreg som blindpassasjerar i blomepottene til prydplantar som folk planta i hagane sine. Sniglane skil ut eit tjukt og svært seigt slim for å verne seg mot fiendar. Derfor er det nesten ingen dyr i Noreg som har iberiasniglane på menyen.
  • Platanlønn er ein plante som er blei innført til Noreg av oss menneske. Opphavleg blei trea planta i parkar. Dei har stor frøproduksjon og er svært livskraftige i våre område og er no i ferd med å spreie seg i norsk natur. Om 50 år finn vi kan hende skogar av platanlønn der det i dag er andre vegetasjonstypar.
gøym

 

Overutnytting av plantar og dyr

Intensiv kommersiell utnytting av skog, fisk og vilt har i somme tilfelle ført til utrydding av artar eller reduksjon av den genetiske variasjonen innanfor artane. Eksempel på dette er hogst av tropisk regnskog til møbel- og panelproduksjon, dei kvite innvandrarane sin jakt på bison i Amerika på 1800-talet og steinaldermenneska si jakt på mammut. les meir
  • Kvart år blir det hogge ned tropisk skog tilsvarande halve arealet av Noreg. Det meste av denne hogsten blir gjord utan omsyn til urfolk og annan lokalbefolkning og utan tanke på at hogsten skal vere berekraftig på lang sikt. Av tømmeret blir det laga material til mellom anna teakdekk på båtar, hagemøblar, parkett og andre byggjevarer.
  • Den amerikanske bisonen, som er i slekt med vår okse, var nær ved å bli utrydda. Dyra kan vege opp til eitt tonn. Då dei kvite innvandrarane kom til Amerika, var det 60–70 millionar bison på dei store grasslettene. Då den første jernbanen over det amerikanske kontinentet blei opna i 1869, begynte ei massenedslakting av desse store dyra, samtidig som beitemarkene deira blei dyrka opp. Mange som kom med jernbanen, jakta på bisonen berre for moro skyld. I mange tilfelle blei kjøttet liggjande å rotne på prærien. Omkring år 1900 var bisonen nesten utrydda. Det blei då laga til fredingsføresegner. Ein reknar med at det i dag finst om lag 25 000 dyr i USA og Canada.
  • Mammuten blei utrydda for cirka 10 000 år sidan. Forfedrane våre dreiv jakt på desse dyra. Sannsynlegvis var steinaldermenneska si jakt ei medverkande årsak til at mammuten blei utrydda. Klimaendringar kan òg ha spelt ei rolle.  gøym


Klimaendringar

Mange artar er tilpassa heilt spesielle klimatiske forhold. Global oppvarming som følgje av at menneska slepper ut klimagassar, kan føre til at utbreiinga av mange artar vil endre seg. Når klimaet blir endra, kan framande artar få fotfeste og utkonkurrere dei opphavlege artane. Somme artar vil flykte lenger nordover eller høgare opp mot fjellet, mens andre artar som kjem sørfrå, tek over dei tidlegare levestadene til desse. les meir

Torsken trivst best i kaldt vatn. Fordi havet har blitt varmare, er torsken i ferd med å trekkje nordover frå Nordsjøen. Inn frå sør kjem ansjos og sardinar. Makrellen, som opphavleg var ein sørlandsfisk, flytter nordover. Somme artar kan få problem med å finne nye levestader og vil stå i fare for å bli redusert eller i verste fall utrydda. Dette kan føre til endringar i og skade på økosystema. Om ein art forsvinn, kan det bety redusert tilgang på mat for andre. gøym


Forureining

Forureining av jord, luft og vatn kan òg føre til endring i økosystema. Somme artar er spesielt følsame for forureining og kan bukke under. Giftige stoff blir akkumulert i næringskjedene og skader artane som er øvst i næringskjedene.

Oppgåver

Aktuelt stoff for