Hopp til innhald

Fagstoff

Helvete før og no

Dei fleste kulturane har ei førestilling om eit dødsrike, ein stad menneska kjem til når dei døyr. Visjonslitteraturen skildrar reiser gjennom helvete, skjærseld og paradis.

Helvete i norrøn mytologi

I norrøn mytologi blei denne staden kalla Helheimen. Vegen til dødsriket gjekk over Gjallarbrua og gjennom Nivlheimen (tåkeheimen).

Helheimen er ein grå og trist stad. Dit skal alle som ikkje har døydd i kamp. Berre dei falne krigarane kjem til Valhall, festhallen til æsene. Krigarane i Valhall skal kjempe for Odin under ragnarok, dagen då verda skal gå under. Berre nokre få vil overleve, men etter ragnarok skal ei ny og betre verd oppstå.

Mellomalderen

På 1300-talet skreiv den italienske diktaren Dante Alighieri Den guddommelege komedien (La Divina Commedia). Her skildrar han ei reise gjennom helvete og skjærseld, og heilt fram til paradiset.

Ved porten til helvete står innskrifta "La alt håp fare, de som her går inn". Dante omtaler helvete som eit underjordisk rike der Satan herskar, og der menneska blir utsette for dei verste pinslene.

Førestillingar om helvete i islam

Også i islamsk tru utgjer paradis og helvete to viktige førestillingar. Det finst omfattande skildringar av alle dei pinslene menneska i helveteselden må gjennomgå, og tilsvarande overveldande skildringar av alt det herlege som ventar dei som kjem til paradis. Over helvete fører det ei lang bru som alle døde må gå over. Det er godt mogleg at Dante kjende til desse muslimske helvetesskildringane.

I motsetning til kristen tru er ikkje helvete ein stad der ein nødvendigvis er for evig tid. Det er mogleg å bli forløyst frå straffa si og komme til paradis.

Førestillingar om helvete i hinduisme og buddhisme

Innan hinduisme og buddhisme tenker ein også at menneske blir straffa etter døden for dei vonde gjerningane dei har gjort mens dei levde. I buddhismen tenker ein at det finst fleire dødsrike der dei som har gjort vonde gjerningar, går gjennom store lidingar.

Skulpturar av to djevlar som piner ei kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helvete i vår tid

Tanken om helvete som ein stad med evig pine prega norsk lekmannsforkynning heilt fram til 1950-åra. I januar 1953 heldt teologiprofessor og indremisjonspredikant Ole Hallesby ein radiooverført tale i NRK der han åtvara Noregs uomvende om at "dersom du stupte død ned på golvet i dette øyeblikk, så stupte du like i helvete". Han stilte også spørsmålet: "Hvordan kan du som er uomvendt, legge deg rolig til å sove om kvelden? Du som ikke vet om du våkner i din seng om morgenen eller i helvete?"

Talen førte til sterke reaksjonar og til at Den norske kyrkja tona ned forkynninga om helvete. Vi finn den same nedtoninga av helvetes pinsler i den katolske kyrkja. Pave Johannes Paul den andre forklarte i 1999 helvete på denne måten:

Bileta av helvete som den heilage skrifta presenterer oss, må tolkast korrekt. Dei viser den komplette frustrasjonen og tomheita i livet utan Gud. I motsetning til ein stad, er helvete nemninga på tilstanden til dei som frivillig og definitivt vel å vere åtskilde frå Gud, kjelda til alt liv og all glede.

Noreg i dag: eit sekularisert samfunn

Noreg er i dag eit langt meir sekularisert samfunn. Det vil seie at religiøse førestillingar i langt mindre grad pregar måten mange av oss tenker og oppfører oss på. Likevel finn vi spor etter Dantes førestillingar om helvete i mange av dei medietekstane vi omgir oss med til dagleg, som reportasjar frå krigsområde, spelefilmar og dataspel.

Helvete sin herskar framstilt med horn og klør. Illustrasjon.

Relatert innhald

Visjonslitteratur er dikting som prøver å skildre ei hinsidig verd. Mange av tekstane handlar om det som skjer med menneska etter døden.

CC BY-NC-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2018

Læringsressursar

Mennesket og maktene