Hopp til innhald

Fagstoff

Kjenner vi rettane våre?

Skuleelevar har til vanleg ikkje hatt høve til å få mykje erfaring frå arbeidslivet. Mange tenkjer på arbeidslivet som ein arena der dei skal delta etter endt utdanning. Men har du sommarjobb eller ettermiddagsjobb, er du allereie der.
Jente med papirer og bøker i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle som tar del i arbeidslivet har rettar og plikter som dei må setje seg inn i. Det finst lover og avtaleverk som regulerer kva ein arbeidsgjevar kan krevje av deg, og kva du kan krevje av ein arbeidsgjevar. Dei fleste av desse reglane gjeld, sjølv om du ikkje er fagutdanna eller arbeider full tid.

Gjennom dette vesle forskingsprosjektet kan du setje deg inn i kva for rettar arbeidstakarar har og kvifor folk vel å bli medlem av ein fagorganisasjon. Sommarpatruljen til LO erfarer ofte at unge arbeidstakarar ikkje set seg inn i dei reglane som gjeld. Her kan du gjere eigne undersøkingar blant ungdom – kanskje vil dine funn vise noko anna?

Problemstilling:
 Kjenner ungdom til dei rettane dei har som arbeidstakarar?

Forskingsspørsmål

For å belyse problemstillinga kan du stille desse spørsmåla:

  • Er skuleungdommar klar over dei rettane dei har som arbeidstakarar i sommarjobbar og deltidsarbeid?
  • Har dei arbeidskontrakt?
  • Løner det seg å være organisert?

Relatert innhald

Som arbeidstakar kan du bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar.

CC BY-NC-SASkrive av Siv Birgitta Systad. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 15.08.2017

Læringsressursar

Samfunnsfaglege tenkjemåtar