Oppgåve

Forsøk: Koking, fordamping og kondensasjon

Publisert: 30.10.2009, Oppdatert: 28.08.2017

 

Forsøksopsett. Illustrasjon.Koking,fordamping og kondensasjon 

Formål

Vi skal studere koking, fordamping og kondensasjon av vatn.

Utstyr

Vernebriller, kolbe (med siderør), propp, slange, begerglas, brennar, stativ.

Framgangsmåte

Vi skal studere koking i ein glaskolbe med siderør. Frå siderøret går det ein slange ned i eit stort begerglas med kaldt vatn.
Først kjem det bobler opp gjennom vatnet i begerglaset.
Kva slags bobler er det?

Etter at vatnet i kolben har kokt ei stund, stig det ikkje fleire bobler opp i begerglaset. Forklar det.
Kvar blir det av dampen?

La det koke skikkeleg i ca. 1 minutt og ta så bort gassflammen.
Vent og sjå og forklar det som skjer.

Relatert innhald

Fagstoff