Hopp til innhald

Fagstoff

Bobler og effektlydar i teikneseriar

Teikneseriar bruker ulike teknikkar for visuell framstilling av lyd. Dialogar blir gjerne vist i form av bobler. Effektlydar teiknar ein gjerne inn som eigne grafiske element i biletet.

Bobleforma gir tilleggsinformasjon

Lyddelen i seriane kjem vanlegvis som bobler. Bobleforma viser om lyden er høg eller låg, brå eller vedvarande. Ho viser også kor lyden eller stemma kjem frå og kva for type lyd det er.

Eksempel på at bobler kan brukast for å markere kven som snakkar og lyder som blir laga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Effektlyd

Effektlyd er lyd som kjem i tillegg til dialog. Effektlydar teiknar ein gjerne inn som eigne grafiske element som blir ein del av biletet, som i eksemplet nedanfor:

Effektlydar i teikneserie. Ei bølge av bokstaven i, og ordet broom,  illustrerer hylande vind. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2018

Læringsressursar

Samansette tekstar