Fagstoff

Teikneseriar

Publisert: 24.09.2009, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Verkemiddel

På desse sidene kan du lære om ei rekkje visuelle verkemiddel i teikneseriar:

  • Ruter
  • Bobler og effektlydar
  • Biletutsnitt
  • Biletvinkel
  • Subjektivt bilete
  • Forgrunn og bakgrunn
  • Visuelle overdrivingar

Tegneserien PondusTeikneserier

 

Ein samansett tekst

Teikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie. Det finst også nokre få teikneseriar som berre har bilete. Teikneserien har utvikla seg i samspel med andre liknande mediesjangrar som film og tv.

I Noreg har vi fleire kjende og dyktige serieskaparar, som også får publisert seriane sine i utlandet. Frode Øverli (Pondus) og Lise Myhre (Nemi) er to av desse.

Les meir

Litt historikk

Dei første seriane var striper i aviser på 1890-talet. Teksten stod den gongen gjerne i eit felt under teikningane. I seriehefta som dukka opp på 1930-talet, fekk teikneseriane eit avansert sett med verkemiddel for å skape gode forteljingar.

Dei første seriane kom ut i USA, men etter kvart følgde dei europeiske landa etter. Særleg i Belgia og Frankrike oppstod det tidleg ein tradisjon for å fortelje lengre historier i seriealbum. I Japan utvikla dei ein eigen serietype som blir kalla manga, og som har blitt populær også i den vestlege verda.

Eit mangfald av seriar

I dag finst det mange ulike typar teikneseriar, både på papir og nett.

  • Den vanlegaste er kanskje avisstripa, ei avslutta, humoristisk miniforteljing med faste figurar.
  • I hefta kan serieskaparane fortelje lengre historier over fleire sider.
  • Det mest verknadsfulle uttrykket finn vi i albuma, der historia kan strekkje seg over fleire hundre sider.

 

Teikneseriespråket

Serieteiknarane bruker i stor grad filmatiske verkemiddel når dei lagar rutene og sidene. Dei nyttar velkjende prinsipp for biletutsnitt, perspektiv, kontrastar osv. for å gjere forteljingane attraktive og spennande. Dei kan også variere boblespråket for å gi uttrykk for ulike kjensler og måtar å kommunisere på.

Skadeleg lesnad?

I dag ser ein gjerne på teikneseriar som relativt uskyldige, men slik har det ikkje alltid vore. På 1950-talet oppstod det moralsk panikk i den vestlege verda, og både psykologar og andre fagfolk påstod at teikneserielesing kunne få forferdelege konsekvensar for barn og unge. Dei store serieforlaga i USA måtte lage eit eige sett med sjølvpålagde avgrensingar for innhald og uttrykk. På 1970- talet kom så ein motreaksjon i form av undergrunnsblad med sterke skrekk- og sexscener. skjul

 

Relatert innhald