Fagstoff

Kvifor skal vi bevare det biologiske mangfaldet?

Publisert: 09.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Kunstig tjern

Bevaring av økologisk mangfald skjer ut frå etiske, estetiske, økologiske og direkte nytteomsyn.

 

Reppadalen naturreservat. Foto.Vakker natur gir oss mange gode opplevingar. Frå Reppadalen naturreservat.   

 

 

 

Veps. Foto.Alle artar har sin plass i økosystemet, vepsen òg!   

Det biologiske mangfaldet har ein eigenverdi, samtidig som det skaper alle dei funksjonelle økosystema vi kjenner. Mangfaldet er ein føresetnad for trivselen og velveret til menneska. Alt vi treng for å leve, hentar vi frå naturen. Plantar som skaffar oss mat og medisinar, materiale til klede, møblar og bygningar stammar frå viltveksande artar i naturen.

  • Eigenverdi: Det biologiske mangfaldet vi har i dag har utvikla seg gjennom millionar av år. Vi har etisk og moralsk plikt til å bevare det for kommande generasjonar.
  • Friluftsliv, rekreasjon og trivsel: Å kunne ferdast i vakker, vill og urørt natur med eit variert plante- og dyreliv er viktig for trivsel og velvere.
  • Alle artar har si rolle i det økologiske samspelet, og den genetiske variasjonen er viktig for å takle framtidige endringar i miljøet.
  • Indirekte bruksverdi. For eksempel hemmar myrar flaum, regnskog produserer mykje oksygen, sandmorenar reinsar vatn.
  • Direkte bruksverdi som kjelde til mat, brensel, medisinar, byggemateriale og klede.
  • Potensiell verdi: Framtida vil gi oss moglegheiter som ikkje er kjende eller utnytta i dag. Dette kan vere både direkte og indirekte verdiar.


Vi kan på mange måtar seie at Vi lever av det biologiske mangfaldet

Meir om vern av biologisk mangfald