Hopp til innhald

Fagstoff

Skjult installasjon: materiell og utstyr

I ein skjult installasjon bruker vi litt anna materiell enn i ein open installasjon. Brytarar og stikkontaktar blir felte inn i veggen, og kablane blir skjulte i røyr i veggar og tak.
Nærbilete av leidningar som stikk ut av ei opning i veggen, og to hender som preparerer dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I samband med nybygg og restaurering kjem elektrikaren inn i byggjeprosessen for å montere boksar og sikringsskåp og å trekkje røyr frå sikringsskåpet til koplingspunkt for kvar enkelt kurs. Dette skjer i samarbeid med byggherren; det er han som bestemmer plasseringa av materiellet. Nokre røyrføringar kan allereie ha blitt lagde, til dømes ved konstruksjonar i betong.

Materiell og utstyr for skjult installasjon

Elko Flexi 20 veggboks med 6 løp for festing på stenderar.  Foto.

Veggboks

Ein veggboks er ein sentral del av ein skjult installasjon. Veggboksen er den eininga der stikkontaktar, brytarar og anna utstyr blir montert. Veggboksen er utstyrt med metallbeslag for festing på tre-stenderar (loddrette bjelkar som står inni veggen, med 60 cm mellomrom). Denne veggboksen har 6 løp (inngangar/utgangar), desse kan takast av og eventuelt bytast ut med blindlokk. Det er òg fullt mogleg å byggje saman fleire boksar for eit brytartablå, eller ein serie med stikkontaktar der TV-en skal stå. Veggboksane kjem i ulike storleikar og fasongar for å dekkje alle behov, det finst òg ulike typar multiboksar. Boksane er konstruerte for å bli bygde inn i gipsplater og panel, og i den samanhengen kan det ofte vere behov for å fôre ut veggboksane.

Takboks. Foto.

Takboks

Ein takboks er den andre typen boks vi bruker i ein skjult installasjon. Takboksen er den eininga der lyskjelder blir kopla og monterte. Som det går fram av namnet, blir denne boksen festa i taket. I tillegg må vi bruke universallokk og maskinskruar til å feste sjølve lyskjelda til boksen/lokket.

Korrugert røyr (elektrikarrøyr)

  • Korrugert røyr. Foto.
    Som biletet viser, er K-røyr eit fleksibelt røyr som blir nytta i skjult installasjon. Denne typen røyr kjem i fleire dimensjonar. Den mest brukte dimensjonen er 16 mm, men 20 mm blir òg brukt ved behov. Takboksar, veggboksar og niplar er tilpassa desse dimensjonane. Vi legg røyr som vi etterpå skal trekkje PN-kabel gjennom. Pass på å ikkje få knekk eller for skarpe bøygar på K-røyret når det blir lagt, då vil det bli problem med å trekkje kabel i det etterpå. Det finst òg K-røyr som blir levert med ferdig trekte leidningar.
  • I tillegg til K-røyr finst det òg stive plastrøyr, skjøytemuffer og bend (vinkelrøyr). Dimensjonane på desse er dei same som på K-røyr. Stive røyr blir i dag mest brukt der det er lange kabelstrekk, til dømes i store industribygg. Alt av røyr som blir nytta er laga av plast i dagens standard, men vi finn òg røyr og boksar av metall i eldre anlegg.
  • Vi nyttar ofte TC-klammer (plastklammer med spikar) for å feste røyra, vi kan óg bruke patent-band ved behov.

Leidning

PN-kablar i røyr. Foto.
  • Leidninga som blir brukt i skjult installasjon, heiter PN. Denne leidninga blir trekt i røyra i ein skjult installasjon. Vi bruker ei slik leidning i storleikane 1,5 mm2 og 2,5 mm2, ved meir straumførande tilfelle òg 4 mm2 (til komfyr). PN-leidningar kjem i fem ulike fargar: blå og brun, som er fargane på tilføringsleidningar, svart og kvit, som blir brukte som brytarleidningar, og gul/grøn, som blir brukt til jording. Veldig ofte blir PN òg brukt som jordleiar (6 mm2) i ein installasjon og som målarsløyfe (10 mm2) i fordelingsskåp.
Trekkjefjør. Foto.
  • Stakefjør/trekkjefjør er det verktøyet vi bruker når vi skal trekkje PN-leidningar i eit ferdiglagt røyrsystem. Ein fører fjøra inn i ein ende av røyret (frå boks) fram til neste punkt, avmantlar og festar PN-leidningane, og dreg så dette tilbake gjennom røyret. Dersom dette ikkje går, kan det vere eit alternativ å blåse eller bruke ein støvsugar for å få gjennom eit trekkjetau. Dette gjeld typisk dersom K-røyret er lagt med for krappe bøygar.

Koplingsmateriell

Wago – skøyteklemme. Foto.
  • Wago er den eine typen koplingsmateriell vi kjem inn på her. Dette er ei såkalla «innstikksklemme», der vi avmantlar kablane/leidningane på vanleg måte og koplar dei saman i denne klemma. Kvar Wago er eitt felles punkt. Han kjem i ulike dimensjonar, når det gjeld både tverrsnitt og talet på leiarar. Sjekk påstempla informasjon før bruk. Wago-klemmer er praktiske med tanke på testing og omkopling.
  • Raud Torix, tilkoblingsmateriale for elektriske leidningar. Foto.
    Torix er den andre typen koplingsmateriell vi omtaler her. Dette er ein såkalla «vrihylse», der vi avmantlar kablane/leidningane ca. 1,5 cm. Deretter vrir vi dei saman inne i hylsa. Utførelsen er med innvendige gjengar, slik at du skrur fast leidningane.

Sikringsskåp

Sikringsskåp med kursfortegnelse. Foto.

I byggjeprosessen blir det gjerne montert eit innfelt sikringsskåp etter dagens standard. Dette blir montert i det tekniske rommet i bustaden, eller i gangen/bua i mindre bueiningar. I leilegheitskompleks står det i nærleiken av føringstraseen til andre bueiningar. Sikringsskåpet er ofte i kvit utføring og står gjerne ved eit teknisk skåp for fiberkabel, datanettverk, multimedia og så vidare.

Her må det planleggjast plass til mengda jordfeilautomatar, éin for kvar kurs. Vi skal òg ha plass til ein hovudbrytar. Dersom det skal stå straummålar i skåpet må vi òg ta høgd for det. Skåpet inneheld utsparingspunkt for røyra, der dei blir monterte med niplar, som regel i toppen av skåpet. Øvst i skåpet finn vi ei jordingsskjene for terminering av alle jordingskablar.

Sikringsskåpet skal oppfylle krava i EIN 61009-1 og NEK 400.

Brytarar

Bileta nedanfor viser baksida av dei vanlegaste brytarane. Her får du informasjon om korleis brytaren blir kopla, og «brytarnummeret». Brytarmodulane er like for opne og skjulte installasjonar, det er innkapslinga som er ulik. Det blir nytta ei firkanta metallskjene for brytarmodulen i eit skjult anlegg, og denne blir skrudd fasts i veggboksen. Sjekk artikkelen for open installasjon for meir informasjon om brytarar.

Symbola vi finn på baksida av brytarane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lenkjer:

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter