Hopp til innhald

Fagstoff

Open installasjon – materiell og utstyr

Når du skal montere ein open installasjon med lys og tilhøyrande lysstyring, treng du i hovudsak dette utstyret.
Elektrikar utfører open installasjon i kontorbygg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brytarar/vendarar

Vi nyttar mest Elko-brytarar i Noreg. Dei har standard storleik på brytar-modulane (innmaten) og kan nyttast både som innfelt brytar i ein skjult installasjon og «på vegg» i ein open installasjon. Brytarane er tilpassa for å bli monterte i veggboksar av typane Flexi 16 og 20 og dessutan i multiboksar.

Dei ulike brytar-modulane ser veldig like ut, men er merkte med symbol og typenummer på baksida, noko som gjer dei enkle å kjenne att.

Koplingsboks

Standard koplingsboks med 6 skruterminalar for montering på vegg i open installasjon. Foto.
  • I ein open installasjon bruker vi ein koplingsboks når vi treng å gjere avgreiningar. Ein koplingsboks består av ein underdel og eit lok. Underdelen blir skrudd fast i veggen, og det er her vi gjer koplingane. Koplingsboksen er tilpassa montering inntil ei list. Han blir plassert slik at den «opphøgde kanten» ligg inntil lista. Når du har lagt og kopla alle kablane, lagar du utsparingar for kablane i loket med ein Elko-kniv eller ei utsparingstong og skrur på loket.

Stikkontakt

Standard dobbel stikkontakt med jord, for montering på vegg i ein open installasjon. Foto.

  • Stikkontaktar finst i mange ulike storleikar og utformingar. Vi skal ikkje her gå inn på alle dei ulike typane, men konsentrere oss om dei som normalt blir brukte i ein husinstallasjon.
  • Det finst stikkontaktar utan jording. Desse er det ikkje lenger lov til å installere etter dei nye forskriftene. Det er viktig at du veit om at det finst slike, men vi vel å sjå bort frå ujorda stikkontaktar her.
  • Dei aller fleste stikkontaktane du kjem borti, vil sjå ut slik som på biletet. Dette er ein dobbel stikkontakt med jording til installasjon på vegg. Det finst òg ein tilsvarande enkel stikkontakt med jording. Og vi har dei same typane utførte til innfelling. Desse stikkontaktane er berekna på maksimum 16 ampere straum. Vi har òg ein stikkontakt kalla «teknisk stikk», berekna for komfyrkurs. Han er utforma litt annleis, med ein maksimumsstraum på 25 ampere. Når vi skal plassere stikkontaktar, må vi først diskutere med eigar/brukar. Stikkontaktane blir plasserte over golvlister eller under taklister når det gjeld open installasjon på vegg.

Lyskjelder

  • Biletet viser eit enkelt «takbeslag». Dette består av sjølve takbeslaget (der du koplar til leidningar), ein plastkuppel og lyskjelda (lyspære). Det finst mange variantar av denne typen lys, og dette er ein av dei. Både tilkopling og oppbygging er nokolunde lik for alle typane.

  • Montering: Dette lyset kan brukast både i skjult og i open installasjon. Når det skal brukast i open installasjon (som her), må vi kople til lyset før vi festar det i taket (eller på veggen). Tilkoplinga ligg i bakkant av lyshaldaren.
  • Lyskjelda som blir brukt til denne typen, er LED-pære som er tilpassa sokkelen (standard E27). Dette fortel oss kor stor sokkelen er. Denne sokkelen høyrde til den gamle typen glødepærer, han blei fasa ut i 2016, men sokkelen er framleis i bruk. Når vi monterte glødepærer, var vi opptekne av watt for å vite kor mykje lys dei gav frå seg. Lysmengda frå ei glødepære på 60 watt svarer til ei LED-pære på om lag 8 watt. No oppgir vi lysstyrke i lumen (lm), der 60 watt svarer til 700–805 lumen.
  • Sjekk Lyspæreguiden for meir informasjon.
  • Ein lysrøyrarmatur er ein lystype som er veldig mykje brukt i vanlege husinstallasjonar. Som arbeidslys blir dette ofte brukt på kjøkken, både festa i taket og under overskåp, og dessutan på bad, svært ofte som lys over spegelen.
  • Lysrøyrarmaturar blir mest brukte i offentlege bygg som skular, kontor og butikkar.
  • Ein lysrøyrarmatur består av ein drossel, éin eller to tennarar, lysrøyrhaldarar og lysrøyr.
  • Ein slik armatur kan brukast både i open og i skjult installasjon.
  • Som lyskjelde i ein lysrøyrarmatur blir det brukt lysstoffrøyr. Desse finst i tallause variantar, der styrke, lengd, tjukn og farge varierer.

Kabel

  • PR-kabel med 2 leiarar og jording, til opne installasjonar. Foto.
    Fargemerking av leiarar i installasjonar skal vere i samsvar med standarden NEK HD 308. PR-kabelen er den mest brukte kabelen i vanlege husinstallasjoner. Det er mange produsentar som lagar PR-kablar. Denne kabelen er godkjend til bruk i alle område vi kjem borti her på vg1. Ein kabel består av to (eller fleire) straumførande leiarar pluss jording. Leiarane er massive. Jordleiaren i ein PR-kabel er blank (koparfarga). PR-kabelen finst i dimensjonane 1,5 mm², 2,5 mm² og 4 mm². Han kan ha to, tre eller fire leiarar pluss jording. Fargekodane for straumførande leiarar er brun og blå. Dette er kabelen som blir brukt i open installasjon. Sjå eigen instruksjon for å opne og å leggje kabel.
  • PFSP er ein annan type kabel som blir mykje brukt i installasjonar. Bruksområdet for denne typen er først og fremst i industrien og som kabel i bakken. Opp til 4 mm² er han bygd opp som ein PR-kabel. Over dette tverrsnittet er oppbygginga annleis. PFSP-kablar kan fåast heilt opp til 240 mm² (noko vi skal ta opp seinare).

Festemateriell

  • Eksempel på skruar som kan brukast for å feste utstyr på ulike typar underlag. Foto

    Skruar finst i mange variantar. Dei skruane vi bruker til å feste utstyr/materiell til vegger eller tak med, heiter treskruar. Den vanlegaste dimensjonen er 3,5 × 25. Når du skal velje skrue, må du ta omsyn til utstyret du skal feste. På biletet ser du tre ulike typar skruar: to treskruar til venstre og ein maskinskrue til høgre. Treskruane blir brukte til å feste brytarar, stikkontaktar og koplingsboksar i tre eller anna underlag. Når vi skal skru noko fast i andre metalldalar, bruker vi maskinskruar.

  • Hammarverktøy til APK-klammer. Foto.
    APK-klammeret er ein type festemateriell som blir brukt til å feste kablar på vegger eller i tak. Som vist på biletet må vi ha spesialverktøy (APK) for å feste dei. Det finst APK-klammer i mange typar og storleikar. Det står på eska kva for ein type kabel APK-klammeret passar til. Framgangsmåten er å bruke APK og hammar, slå stiften inn i veggen, legge kabelen i klammeret og deretter klype og slå kabelen fast.
  • Hammarverktøy til Letti-klammer. Foto.

    Letti-klammeret er ein annan type festemateriell. Det har same bruksområde som APK, men er heilt ulikt bygd opp. Også her må vi bruke spesialverktøy. Det blå verktøyet er til 1,5 mm² og det gule er til 2,5 mm². Framgangsmåte: Legg eller skyv Letti-klammeret inn i verktøyet, set verktøyet rundt eller over kabelen og slå inn med ein hammar. Her festar kabelen seg i berre éin arbeidsoperasjon. Det står på eska kva for ein kabeltjukkleik Letti-en passar til.

  • TC-klammer for festing av kabel utan spesialverktøy. Foto.

    TC-klammer finst hovudsakleg i kvit og svart plast. Den kvite er berekna til innandørs bruk, mens den svarte er syrefast og blir brukt utandørs. Du treng ikkje spesialverktøy for å bruke TC, berre hammar. TC kjem i mange storleikar og blir brukt til alt av runde kablar og røyr, og til små flate kablar. Døme på dette er PR-kablar, signalkablar og til å feste korrugerte røyr i skjult installasjon. Utsjånaden på desse klammera gjer at vi normalt ikke bruker dei til innandørs installasjon på synlege stader i bustader. Her finst det unntak, sidan klammera kan vere farga for å passe til til dømes lampettleidningar. Kvaliteten kan variere på spesielt dei store klammera – her er vekta på materiellet som skal monterast, avgjerande.

Lenkjer:

Materiell ELKO

Materiell Osram (engelsk)

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter