Fagstoff

Setningsledd

Publisert: 10.08.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Setningsledd

Setningar er bygde opp av setningsledd. Ei norsk setning inneheld minst to setningsledd: subjekt og verbal. I tillegg kan ho innehalde andre setningsledd: direkte objekt, indirekte objekt, predikativ og adverbial. Kvart setningsledd har si spesielle oppgåve eller funksjon i setninga. Noko forenkla kan vi seie at

  • verbalet fortel oss kva som skjer
  • subjektet utfører det som skjer
  • det direkte objektet er den som blir direkte ramma av handlinga
  • det indirekte objektet er den som indirekte dreg nytte eller tek skade av det som skjer
  • predikativet  beskriv ein eigenskap ved subjektet
  • adverbial fortel oss om omstenda rundt handlinga: når, kvar, korleis, kvifor osv. noko skjer
Ikon for e-forelesningE-forelesning

E-forelesningar

På dei neste sidene finn du seks e-forelesningar om setningsledd i norsk. I slutten av kvar e-forelesning ligg det ei enkel interaktiv oppgåve og ei oppsummeringsoppgåve, slik at du får testa om du har fått med deg det viktigaste.