Hopp til innhald

Fagstoff

Skjema for 2-pola brytar

Her viser vi installasjonsteikningar og koplingsskjema for 2-pola brytar. For å kunne gjere elektriske installasjoner er vi avhengige av ulike skjema.
2-pola brytar. Biletet til venstre viser ein «på vegg»-brytar for montering i ope anlegg. Biletet til høgre viser korleis innmaten ser ut bakfrå i innfelt brakett. Den blir nytta i skjult anlegg. Innmaten er den same for begge løysingar. Vi kan sjå på symbola på baksida at det er ein 2-pola brytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til våtrom og utandørs montering av straumførande installasjonar er det krav om at begge greiner (L og N) skal brytast. Vi bruker då ein 2-pola brytar.

Skjult installasjon

Dette skjemaet viser plasseringa av effektuttak og korleis røyrføringa er i ein skjult installasjon. Hugs at når eit takpunkt blir nytta som lampepunkt, vil varmeavgivinga frå lampa gi høgare omgivnadstemperaturar enn ein har rekna med. Temperaturen kan bli mellom 40 °C og 50 °C, og då må vi bruke reduksjonsfaktorar for straumføringsevna til kabelen.

Effektuttak kan vere lampepunkt, stikkontaktar og så vidare.

Skjult installasjon med 2-pola brytar på baderom. Skjemateikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Open installasjon

Dette skjemaet viser plassering av effektuttak og korleis kabelføringa er i ein open installasjon.

Open installasjon med 2-pola brytar på baderom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Koplingsskjema

Skjema for 2-pola brytar. Skjemateikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne typen skjema namnset vi dei ulike komponentane med nummer i stigande rekkjefølgje. Døme:

2-pola brytar innfelt: S16/2-i

2-pola brytar på vegg: S16/2-p

Relatert innhald

Her skal du installere og lære om forskjellige lyskjelder som er styrte av dei vanlegaste lysbrytarane som blir nytta i bustader.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2018

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter