Fagstoff

Fargebruk

Publisert: 13.09.2009, Oppdatert: 03.03.2017
Bilde av Ittens fargesirkelIttens fargesirkel 

Fargar kan ha fleire funksjonar

Fargar vekkjer kjensler, framkallar minne og skaper stemningar. Fargebruken kan vere ein del av komposisjonen, men fargane kan òg ha ei eiga symbolsk tyding.

Ittens fargesirkel

Det finst ulike måtar å dele inn og beskrive fargar på. Den sveitsiske målaren og kunstpedagogoen Johannes Itten (1888–1967) har skapt ei fargelære som framleis er godt kjend og mykje brukt.

Itten plasserte fargane i ein fargesirkel. Inst i fargesirkelen finn vi grunnfargane (primærfargane) raudt, blått og gult. Vi kan blande fram dei fleste andre fargane ved hjelp av dei.

Fargane i venstre halvdel av fargesirkelen kallar vi gjerne for kalde fargar, mens fargane i høgre halvdel av fargesirkelen blir kalla varme fargar.

Fargekontrastar

Halvnært bilde av Oda Krohg iført rød bluse og lue, og blått skjørtOda Larsson (senere Oda Krogh).  
Målaren Christian Krogh var svært forelska i Oda Lasson da han måla dette biletet av henne. Det er neppe tilfeldig at raudt er den dominerande fargen i biletet!

Gjennom fargebruken kan kunstnaren skape ulike slags kontrastar.

  • Den sterkaste kontrasten får vi når vi stiller opp dei tre grunnfargane mot kvarandre.
  • Også komplementærfargar (fargar som står overfor kvarandre i fargesirkelen) gir ein tydeleg kontrastverknad.
  • Kald-varm-kontrast får vi når vi stiller opp kalde og varme fargar mot kvarandre.
  • Lys-mørk-kontrast er ein annan type kontrast som kunstnaren kan utnytte.

Fargesymbolikk

Fargar kan ha symbolsk tyding, og nokre gonger utnyttar kunstnaren denne tydinga. Kva ein farge står for, kan variere frå kultur til kultur. Fargar kan dessutan ha fleire tydingar. Raudt kan for eksempel symbolisere både kjærleik, varme og fare.

Besøk simulatoren til galleri K&K og sjå fleire døme:

 

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player

Galleri K&K