Fagstoff

Enkle kjemiske påvisingar av næringsstoff

Publisert: 21.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Forsøk

Du skal kunne påvise næringsstoff i matvarer. Her får du kjennskap til nokre testar du kan bruke.

Flasker, reagensrør og annet laboratorieutstyr. Foto.Analyse av næringsstoff.   
Potetskiver. Foto.Stivelse i potet.  
Spirende frø på stivelsesagar. Foto.Her ligg korn som spirer på ein gel med stivelse (agarplate). Enzym frå korna bryt ned stivelsen for å bruke han til vekst. Når vi set ein jodløysning til agarplata, blir blåfargen borte der stivelsen er broten ned.

Påvising av karbohydrat

Fehlings væske

Fehlings væske er ein mørkeblå løysning som skifter farge til mursteinsraud når han blir varma opp med eit monosakkarid og med disakkarida mjølkesukker (laktose) og maltsukker (maltose). Sukrose gir derimot inga fargeendring ved oppvarming med Fehlings væske.
Fehlings væske inneheld koparsulfat (CuSO4), natronlut (NaOH) og kaliumnatriumtartrat. Det som skjer, er at koparen blir redusert frå Cu2+ til Cu+. Koparsulfat er blått, mens Cu2O, som blir danna, er raudoransje.

Urinstrimmel (stix)

Dette er strimlar som har farga felt. Desse felta endrar farge dersom dei kjem i kontakt med stoffa dei reagerer på. Det finst strimlar med felt som skifter farge og påviser glukose.

Jodløysning

Jodløysning er jod og kaliumjodid løyste opp i vatn. Blåfarging med jodløysning er ein positiv test på stivelse. Dersom løysningen er for konsentrert, kan han sjå svart ut. Fargen forsvinn ved oppvarming, men kjem tilbake ved avkjøling.

Påvising av feitt

Feittflekkprøven

Feitt vil gi ein flekk på papir som ikkje tørkar bort eller trekkjer til seg vatn.

Oppløysingsprøven

Feitt løyser seg ikkje i vatn, men lett i organiske løysemiddel.

Påvising av protein

Biuret-reaksjonen

Med CuSO4 i basisk miljø gir protein og peptid eit raudt til blåfiolett kompleks med Cu2+ - ion. Reaksjonen blir ofte kalla Biuret-testen.

Urinstrimmel (stix)

Det finst strimlar med felt som skifter farge og påviser protein.

Koagulering

Mange protein koagulerer når dei blir blanda med syre (10 prosent salpetersyre eller 35 prosent eddik).