Fagstoff

Framande artar i norsk natur

Publisert: 08.10.2010, Oppdatert: 03.07.2018

Med framande artar meiner vi dyr, planter eller mikroorganismar som ikkje finst naturleg i eit område. Mange slike artar har stor spreiingsevne og kan skape problem som utvikling av ugras og skadegjerarar og forstyrre det naturlege plante- og dyrelivet. Det er forbode å innføre ville artar til Noreg.

 

Negative konsekvensar for norsk natur

Vi har fleire eksempel på at framande artar som har komme inn i landet, har hatt sterk vekst i bestanden med påfølgjande negative konsekvensar i norsk natur. Det er som regel menneskeleg aktivitet som er årsaka til at nye artar har komme til landet. Spreiinga av framande artar skjer mellom anna gjennom omfattande transportverksemd, handel, turisme, friluftsaktivitetar og import av dyr og planter. Ballastplantar er ein kategori framande artar som kom til landet gjennom dumping av ballastmasse frå seglskuter. Ballastvatn i skip kan òg bidra til å spreie framande artar til nye havområde.

Noreg har slutta seg til den internasjonale Konvensjonen om biologisk mangfald (Rio-konvensjonen) som inneber at vi skal kontrollere, fjerne og hindre innførsel av framande artar som truar økosystem, livsmiljø eller artar. Det vil seie at utan godkjenning frå styresmaktene er det forbod mot å innføre ville artar til Noreg eller setje ut ville artar eller underartar som ikkje finst frå før i området.

Norsk svarteliste 2012 frå Artsdatabanken inneheld ei oversikt over eit utval av framande artar med økologiske risikovurderingar.

Eksempel på framande artar i norsk natur

  

Relatert innhald

Aktuelt stoff for