Oppgåve

Setningsbygnad og kasus

Publisert: 23.07.2009

Setningsbygnad og kasus


  • Moderne norsk har langt fastare setningsbygnad enn norrønt. Kva er årsaka til dette?
  • Kva er eit kasussystem?
  • Norrønt hadde eit omfattande bøyingssystem. Adjektiv, bestemmarord, verb, substantiv og pronomen ble bøygde. Vis gjennom eksempel at desse ordklassane har (noko) bøying også i moderne norsk.
  • Kva er samsvarsbøying? Har vi samsvarsbøying i moderne norsk?
  • Kva for setningsledd stod i nominativ, akkusativ respektive dativ i norrønt?
  • Kva blei genitiv brukt til i norrønt?
  • Gi eksempel på bruk av genitiv i moderne norsk. Kva for alternative uttrykksmåtar har vi i moderne norsk?
  • Gå til sidene om Kasus i moderne norsk, og finn eksempel på restar av kasus i moderne norsk.
  • Kva vil det seie at preposisjonane styrte ulike kasus i norrønt?
  • Gi eksempel på faste preposisjonsuttrykk i moderne norsk, der vi ser restar av kasusbøying.
  • Sjå på setningane nedanfor:
    • Olav slår Helga.
    • Óláfr slær Helgu.
    • Helgu slær Óláfr.
    • Helga slår Olav.
    • Helga slær Óláf.
    • Óláf slær Helga.

  • Kven slår kven? Markér subjekt og objekt i dei to setningane på moderne norsk.
  • Kva for setnngsledd står til vanleg først i setninga i moderne norsk - subjektet eller objektet?
  • Kvifor må vi vere nøye med denne rekkjefølgja i moderne norsk?
  • Kva er subjektsformene av namna Helga og Olav i norrønt, og kva er objektsformene?
  • Kvifor var rekkjefølgja av setningsledda ikkje så viktig for ein norrøn språkbrukar?