Oppgåve

Norrøn tid

Publisert: 22.07.2009

Vikingtida


  • Gjer kort greie for korleis vi deler inn den norrøne perioden.
  • Kva for land og område i nord busette dei norske vikingane seg i? Kva for område hærtok dei?
  • Tidfest den såkalla landnåmstida. Kva skjedde i desse åra?
  • Kvar drog danske og svenske vikingar på tokt?
  • Var vikingane berre krigarar og røvarar?
  • Kva for kjelder gir oss kunnskap om språket i vikingtida?
  • Monoftongeringa er ei språkendring mot slutten av vikingtida som vi kan finne spor etter også i dei moderne nordiske språka.
    • Kva er monoftongering?
    • Kva for språklydar endrar seg som følgje av monoftongeringa?
    • Gi eksempel på monoftongering frå moderne nordiske språk du kjenner til.

Gammalnorsk tid


  • Kva for politiske og kulturelle endringar markerer overgangen frå vikingtid til gammalnorsk tid?
  • Kva er bakgrunnen for at det latinske alfabetet blei innført i Noreg?
  • Kvifor var innføringa av det latinske alfabetet viktig for utviklinga av det norrøne skriftspråket?
  • Kva for språk lånte norrønt ord fra?
  • Gi nokre eksempel på lånord som kom inn i språket i denne perioden.
  • Finn vi desse orda også i moderne norsk?