Hopp til innhald

Fagstoff

Lønn

Lønn blir bestemt ut frå ei rekkje faktorar. Det finst forskjellar i lønn i offentleg og privat sektor, internasjonale konjunkturar speler inn, og mange arbeidstakarar forhandlar om lønn gjennom fagorganisasjonane sine.
Pengesedler, foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den framtidige inntekta di blir påverka av ei rekkje faktorar. I arbeidslivet blir ansvar gjerne premiert med høgre lønn, særleg dersom arbeidsoppgåvene er viktige for den økonomiske innteninga i bedrifta. I tillegg har det tradisjonelt vore høgre lønn i privat sektor enn i offentleg sektor innanfor yrke som kan samanliknast.

I den globaliserte økonomien i dag og i framtida får forholdet mellom tilbod og etterspørsel stor innverknad på inntekta. Er det mange som sel arbeidskrafta si, og arbeidsgivarane har mange å velje i, blir det vanskelegare å krevje høg lønn. I motsett tilfelle vil det vere enklare å krevje høgre lønn.

Eit godt døme på endringar i arbeidsmarknaden er auken i talet på polske arbeidarar i Noreg. Etter at Polen blei medlem av EU i 2004, kan alle polakkar fritt søkje arbeid i Noreg, som følgje av . EØS-avtalen inneber fri handel med varer og fri rørsle for kapital, tenester og personar. Ei gjennomsnittleg norsk månadslønn er meir enn dobbelt så høg som ei vanleg polsk lønn. Med andre ord vil til og med ei dårleg norsk lønn fortone seg som attraktiv, sett frå Polen. Noreg har òg lenge hatt underskot på fagarbeidarar, samtidig som arbeidsløysa i Polen har vore høg. Sett i lys av desse faktorane er det ikkje rart at polske arbeidarar søkte seg til Noreg.

Tilstrøyminga frå Polen skapte press på arbeidsmarknaden og på lønningane for norske arbeidarar. I bransjane der mange polakkar ville arbeide, auka tilbodet av arbeidskraft mykje, men det førte òg til større konkurranse om dei same jobbane. I Noreg er arbeidstakarane sikra mange rettar, medan dei polske arbeidarane kjem frå ein heilt annan arbeidskultur. Mange bedriftsleiarar utnytta dette for å få billig arbeidskraft og brydde seg ikkje om arbeidsforholda for dei polske arbeidarane i same grad som for dei norske. Mange polske arbeidarar har heller ikkje vore tilsette hos bedriftene som gir dei oppdrag, men hos norske og polske bemanningsbyrå. I motsetning til ved ein fast kontrakt betaler dei fleste bemanningsbyråa berre lønn for dei periodane arbeidstakaren er utleigde, og har elles ingen plikter. Til saman gav dette eit overskot på arbeidskraft som arbeidde for dårleg lønn og med ustabile vilkår. Slik kunne arbeidsgivarane halde lønningane lågare og arbeidsvilkåra dårlegare for alle arbeidarane. Under den økonomiske nedgangen som tok til i 2015, var dei polske arbeidarane dei første som miste jobbane sine, fordi dei gjerne hadde vore kort tid i arbeid, eller dei hadde ikkje fast kontrakt i det heile. Dersom presset på lønningane blir endå sterkare, kan arbeidsløysa fort ramme dei som har tarifflønn òg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2017

Læringsressursar

Organisering av arbeidslivet