Hopp til innhald

Fagstoff

Det kristne mangfaldet i Noreg

Dissenterlova blei vedteken av Stortinget i 1845. Denne lova opna for å etablere kristne trussamfunn utanfor Den norske statskyrkja. I dag er norsk kristendom ein mangfaldig storleik, og dette mangfaldet er stadig aukande.
To biskopar kledde i kjortel og messehagel helser på ein mann i frakk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristendommen finst som eit mangfald av retningar. Dissenterlova opna i 1845 forsiktig for fleire kristendomsformer enn den lutherske, og utover 1800- og 1900-talet blei Noreg gradvis sekularisert. Det blei opna opp for religionsfridom og eit moderne mangfald. I dag finn vi ei betydeleg mengde med ulike kristne retningar og kyrkjesamfunn.

Ortodoks kristendom i Noreg

Den ortodokse kyrkja er ei nemning som rommar ei rekkje sjølvstyrte kyrkjer som sprang ut frå den bysantinske kyrkja etter splittinga med Roma i 1054. Desse oppfattar seg åndeleg sett som éi kyrkje. I dag er det om lag 300 millionar ortodokse kristne i verda, og av desse bur det rundt 15000 ortodokse i Noreg. I dei seinare åra har veksten vore stor. Grunnen er innvandring.

Liten trebygning med ortodoks kors på toppen på ein eng ved ei elv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag finst det ortodokse lokale trussamfunn i mange land. I Neiden i Aust-Finnmark har det levd ortodokse kristne sidan 1500-talet, og her finn vi St. Georgs-kapell. Heilage Nikolai trussamfunn, som blei danna i 1931 av russarar på flukt frå revolusjonen, er det største trussamfunnet i Noreg. Etter andre verdskrig har det skjedd ei forsiktig fornorsking av kyrkja.

Det er i dag også andre ortodokse trussamfunn i Noreg, med tilknyting til blant anna Russland, Hellas, Bulgaria og Romania.

Katolsk kristendom i Noreg

Med kristninga av Noreg på 1000-talet blei katolsk tru etablert, og med det slutta Noreg seg til ein felles europeisk kultur. I 1536 bestemte den dansk-norske kongen at riket hans skulle vere evangelisk-luthersk. Katolisismen blei forboden. Dette gjaldt fram til dissenterlova blei vedteken i 1845. Lova gjorde det lovleg att å etablere andre kristne trussamfunn i Noreg.

Den første katolske kyrkja, domkyrkja St. Olavs kyrkje i Oslo, blei gjort ferdig i 1856. Først med innvandring frå Vietnam og Chile på 1970-talet begynte medlemstalet å stige. Ei kraftig auke kom med arbeidsinnvandring frå Aust-Europa på 2000-talet.

Menn med kvite kjortlar og raude vestar ber ein baldakin i ein prosesjon. I bakgrunnen er ei kyrkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag er det ca. 1,270 milliardar katolikkar i verda, dvs. ca. 17 % av befolkninga på jorda, og i Noreg var det ca. 157 000 i 2018.

Protestantisk kristendom: Lutherske kyrkjesamfunn

Den norske kyrkja

Den norske kyrkja har vore eit einerådande kyrkjesamfunn i Noreg frå 1536 til 1845 og etter denne tid også den dominerande kyrkja i Noreg. I dag er statskyrkjeordninga oppheva, men Den norske kyrkja er framleis folkekyrkje, med ein eigen lovparagraf i Grunnlova.

Den norske kyrkja utgjer 70,6 prosent av befolkninga (2018). Ho har i overkant av 3,7 millionar medlemmar. Det finst ca. 70 millionar lutheranarar i verda i dag, nokre er organiserte i folkekyrkjer, andre i frikyrkjer.

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja

Det finst også ei evangelisk-luthersk frikyrkje i Noreg som heiter Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Denne kyrkja har ei anna kyrkjeordning enn Den norske kyrkja og er uavhengig av den norske staten.

Norsk luthersk misjonssamband

Norsk Luthersk Misjonssamband er ein fri og sjølvstendig misjonsorganisasjon som blei grunnlagd i 1891 under namnet Kinamisjonsforbundet. Sjølv om organisasjonen historisk sett har hatt fokus på misjonsverksemd, framstår han i dag som eit eige trussamfunn som markerer avstand til Den norske kyrkja. NLM hadde i 2019 omkring 2500 foreiningar og lag over heile landet.

Eit lite, kvitt hus med skiltet Snig bedehus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bedehus er ein viktig institusjon knytt til vekkingkristendom, pietisme og lekmannsrørsle og har framleis stor betyding for norsk lekmannsarbeid med tilknyting til Den norske kyrkja. Frå midten av 1800-talet fylte bedehusa mange sentrale religiøse og sosiale funksjonar i norske bygder. I dag er det mange bedehus som ikkje lenger er i bruk, men det finst framleis rundt 3000 bedehus, der det framleis er aktivitet.

Protestantisk kristendom: Ikkje-lutherske kyrkjesamfunn

Det protestantiske mangfaldet inkluderer også ei rekkje andre kyrkjesamfunn som ikkje er lutherske. Ei rekkje frie trussamfunn blei etablerte i Noreg mot slutten av 1800-talet. Desse starta som vekkingsrørsler. Felles for desse var at dei hadde røter dels i den engelske kyrkja, dels i den radikale reformasjonen, og med sterk vekt på Bibelen. Desse rørslene utvikla seg til frikyrkjesamfunn som baptistane, metodistane, frelsesarmeen og pinsevenene.

Ein engasjert mann med mikrofon taler til ei forsamling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Baptistane

Baptistane ser berre vaksendåp som gyldig, av det namnet baptistar, dvs. døyparar. Det første baptist-trussamfunnet var engelsk og grunnlagt av John Smyth. Til Noreg kom baptistane i 1857. Ein dansk sjømann busette seg i Porsgrunn og stifta trussamfunn her i 1860.

På verdsbasis blir det rekna at det er ca. 50 millionar vaksne døypte medlemmar. Det Norske Baptistsamfunnet hadde i januar 2014 registrert 10 283 medlemmar og 97 trussamfunn.

Metodistane

Metodismen starta som ei vekkingsrørsle innan den engelske kyrkja. Namnet metodist går attende til ei studentforeining, som dreiv med metodisk bibellesing, stifta av John Wesley i 1729.

På verdsbasis er det ca. 70 millionar tilhengjarar. Metodistkyrkja i Noreg har ca. 10 500 medlemmar (2016) fordelte på 47 trussamfunn. Det første trussamfunnet i Noreg kom i Sarpsborg i 1856.

Pinserørsla

Pinsevenene eller pinserørsla er både ei vekkingsrørsle og eit kyrkjesamfunn. Trussamfunna utgjer eit nettverk, meir enn éi organisert eining. Rørsla starta i USA i 1901, men fekk gjennombrotet sitt i 1906. Den norske metodistpastoren Thomas B. Barratt var viktig for å overføre vekkinga til Noreg og Europa.

Pinserørsla er det kristne trussamfunet som veks hurtigast på verdsbasis i dag. I Noreg er det omtrent 40 000 døypte medlemmar.

CC BY-SASkrive av Åge Schanke. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022

Læringsressursar

Mangfald