Hopp til innhald

Fagstoff

Kultur, etnosentrisme og konfliktar

Vi som høyrer til arten homo sapiens har alle våre måtar å oppfatte andre artsfrendar på. Nokon gonger er oppfatninga av ein sånn karakter at det oppstår konfliktar mellom menneske.
Et fotografi av et diskriminerende skllt under apartheidregimet i Sør-Afrika.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjon på kultur

“Kultur, eller sivilisasjon, er den komplekse helhet som består av kunnskaper, trosformer, kunst, moral, jus og skikker, foruten alle de øvrige ferdigheter og vaner et menneske har tilegnet seg som et medlem av et samfunn”. Slik lyder ein av dei eldste og mest kjende definisjonane av kultur, gjort av antropologen E.B. Tylor på 1800-talet. Denne definisjonen blei lenge brukt av samfunnsforskarar. Kanskje fordi han var så vid og altomfattande. Det var veldig lett å plassere ulike fenomen og skikkar inn i omgrepet.

Etter kvart har omgrepet blitt noko avgrensa. Definisjonane har ikkje vore fullt så vide. Vi har til dømes gått meir over til at kultur er ei felles verkelegheitsforståing, og ikkje at ein nødvendigvis har dei same trusformene eller skikkane.

Ordet kultur er mest sannsynlig eit av dei omgrepa som har flest innvendingar og problem knytt til seg. Det er svært omdiskutert og blir brukt på mange ulike måtar. På 1950-talet klarte ein faktisk å oppdrive over 160 definisjonar av ordet. Berre av den grunn er det eit omgrep som er lett å misbruke, spesielt av dei som sit med makta.

Etnosentrisme

Kultur og konfliktar går ofte hand i hand, og i enkelte tilfelle har denne samansetninga ein tredje part. Konfliktane kan ofte vere grunngitt i ein etnosentrisk tankegang. Etnosentrisme betyr, kort fortald, at ein vurderer andre folk og samfunn med utgangspunkt i seg sjølv. Altså, vi er målestokken andre blir vurderte ut frå. Ifølgje denne tankegangen vil alle andre vere mindreverdige i forhold til oss, nettopp fordi dei er annleis enn oss. Vi skal sjå på nokre døme.

I mange samlar- og jegersamfunn er menneska analfabetar. Viss vi følgjer etnosentrismen, er dei mindre evnerike enn oss. Dei kan jo trass alt ikkje lese! Men vi treng ikkje besøke jegerar og samlarar i Afrika for å finne ei slik haldning. Vi treng ikkje reise lengre enn til Noreg. Den samiske befolkninga snakka lenge ikkje norsk, og sokna heller ikkje til kristendommen. Av den grunn blei dei sett på som ville heidningar som ikkje var like mykje verd som den gode, kristne nordmannen.

Et fotografi av en samisk runebomme.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etnosentrismen befaler nærmast andre å vere lik oss sjølve. Det er eit “must” for å vere verdige menneske. I seinare tid har vi gått meir og meir frå det etnosentriske perspektivet. Blant anna ønsker antropologar å forstå ulike samfunn ut frå samfunnet sine egne premiss, framfor å plassere dei på ein slags rangstige der vi er på toppen. For, sjølvsagt, samfunnsforskarar leflar ikkje med rangering av samfunn. Dessutan har dei fleste samfunn eigne definisjonar på kva som er godt og vondt. Vi kan ikkje gi et fasitsvar på noko slikt.

Stereotypiar

Etnosentrisme kan ofte – men treng ikkje – hengje saman med stereotypiar. Ein stereotypi er ei beskriving av det ein trur er kulturtrekk ved ei gruppe menneske, alt frå kvinner til kongelege og religiøse grupper. Ein typisk stereotypi er beskrivinga av jødar som griske menneske og gode økonomar. Ei slik utsegn viser oss at stereotypiar ikkje tar omsyn til den variasjonen som eksisterer innanfor ei gruppe. Det er heller ikkje gitt at dei beskriv den fulle og heile sanninga. Ofte er det overdrivne beskrivingar av den eigentlege situasjonen. Sjølvsagt finn vi jødar som har god økonomisk sans, men det gjeld langt frå alle. Nokre jødar har kanskje hamna i økonomisk ruin. Kva veit vel vi?

Etniske stereotypiar kan på si side vere fordømmande og derfor vere ei kjelde til konfliktar. At samar er skitne og at grønlendarar er alkoholiserte, er døme på slike stereotypiar. Denne typen haldningar kan vere med på å styrke eins eiga gruppe sin fellesskap, samtidig som det kan bekrefte eins eigen posisjon på toppen av rangstigen. Altså: For å vere best, må du vere som oss. I tillegg kan denne typen stereotypiar legitimere handlingar retta mot ei spesiell etnisk gruppe – handlingar som til sjuande og sist kan ende opp i konfliktar.

Minoritet og majoritet

Konfliktar basert på etnosentrisme kan ofte bere preg av eit majoritet/minoritets-forhold. Her skal vi sjå på forholdet mellom etniske majoritetar og minoritetar. I denne samanhengen må vi ikkje gå i fella og seie at minoritet er synonymt med å vere i mindretall.

Sjølv vi ofte meiner det i kvardagsspråket, så handlar det her om å vere ein politisk minoritet. Altså, minoriteten har ikkje like mykje politisk makt som majoriteten – sjølv om førstnemnte faktisk kan vere talmessig overlegen. Sør-Afrika blei styrt etter eit apartheid-system i perioden 1948-1994. Det innebar at landet blei styrt av den kvite delen av befolkninga, som i 1948 utgjorde berre ein femtedel av den samla befolkninga. De utgjorde likevel den politiske majoriteten. Resten av befolkninga, farga og svarte, hadde få rettar og liten innverknad, og utgjorde den politiske minoriteten.

Viss ein majoritet ønsker, på bakgrunn av ei etnosentrisk haldning, å gjere noko med ein minoritet, kan det skje på fleire forskjellige måtar. I Sør-Afrika gjekk majoriteten inn for segregering av folkegrupper. Gjennom apartheidideologien blei den svarte minoriteten fysisk åtskilt frå majoriteten. Minoriteten blei sett på som mindreverdige, og den kvite majoriteten ønskte ikkje å blande dei to kulturane. Historia viser at apartheidpolitikken skapte store konfliktar. I Sør-Afrika kunne demonstrasjonar ende i valdelege samanstøytar mellom dei to partane. Eit døme er Soweto-opprøret på slutten av 1970-talet, som enda med at fleire hundre skuleelevar ble skotne og drepne av politiet.

Tenk over

Kjem du på nokon konfliktar som har utgangspunkt i kulturelle forskjellar?

I Noreg tok majoriteten i bruk eit anna grep.

Den samiske befolkninga blei lenge sett på som mindreverdige. For å kome opp på nordmennene sitt nivå, måtte samane bli norske. For å få det til måtte de fornorskast. Målet var å assimilere samane. Dei skulle rett og slett smeltast inn i majoritetsbefolkninga. På 1800-talet ble det til dømes vedteke at all undervisning skulle gå føre seg på norsk. Dei lærarane som hadde størst suksess i fornorskingsarbeidet skulle premierast.

Vi treng ikkje å gjere dei store analysane for å forstå at denne typen avgjerder og etnosentriske haldningar skapte reaksjonar hos den samiske befolkninga. Konflikten utarta seg ikkje like valdeleg som i Sør-Afrika, men konfliktar der etnosentrisme er innblanda kan vere alvorlege utan å vere valdelege.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2003): Hva er sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Konfliktar mellom individ og grupper