Hopp til innhald

Fagstoff

Livssynsmangfald i Noreg – konflikt, dialog og samarbeid

Frå 1960 til i dag kan vi snakke om eit nytt religionsmangfald i Noreg som har ført til konflikt så vel som dialog og samarbeid. Statens favorisering av protestantisk kristendom har skapt konfliktar som også har leia til dialog og samarbeid på tvers av religionsmangfaldet.
Flyfoto av bygårder og blokker. Midt i bilete står ein moské. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det nye mangfaldet

I Noreg har det alltid eksistert eit religionsmangfald. Går vi langt tilbake, kan vi finne samisk og norrøn religion. Ved sida av at Noreg har romma ulike former for kristendom i over tusen år, minner paragraf 2 (jødeparagrafen) frå 1814 oss på at den norske staten også har stilt seg til ikkje-kristne religionar i lang tid.

Dessutan har enkeltpersonar bringa med seg religiøse tradisjonar utanfrå Europa, som til dømes i 1917 då hindu-asketen Swami Sri Ananda Acharya slo seg ned i Alvdal for å spreie hinduismens visdom.

Ein mann med svart dress og hatt og ein mann med turban sit saman i graset ved kvart sitt vesle bord. Mannen med hatten skriv og mannen med turbanen les. I bakgrunnen er det fjell, seterbygningar og ein skigard. Svart-kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå 1960 til i dag kan vi likevel snakke om eit nytt religionsmangfald der folk frå andre stader i verda har komme til Noreg for å få arbeid eller komme seg unna nød og konflikt. Med seg i bagasjen hadde dei med alle verdsreligionane i ulike variantar. Denne innvandringa har gjort at Noreg har blitt heim for ulike diasporagrupper som har etablert eit mangfald av religionar og trussamfunn på norsk jord. Dette nye mangfaldet har vore bakgrunn for ei rekkje konfliktar, men også positive møter som blant anna har gjort den norske staten meir tolerant overfor ikkje-kristne religionar.

I tillegg til etableringa av dei ulike verdsreligionane blei Human-Etisk Forbund stifta i 1956. Dei skulle vise seg å bli ein viktig organisasjon som av og til kom til å samarbeide med dei nye religiøse gruppene for å sikre eigne rettar og utfordre Den norske kyrkja sin privilegerte posisjon.

Den norske kyrkja og kristen protestantisme kan omtalast som majoritetsreligionen i Noreg. Dei andre religionane og Human-Etisk Forbund kan seiast å vere livssynsminoritetane.

Kvifor blir det konflikt?

Generelt kan vi seie at det oppstår konfliktar i møtet mellom minoritetar og ein stor majoritet. Ein måte å få oversikt er å skilje mellom tre ulike typar konfliktar:

  • statspolitiske konfliktar
  • verdi- og rettskonfliktar
  • majoritet-minoritetskonfliktar

Statspolitiske konfliktar er konfliktar mellom livsynsminoritetar på den eine sida og den norske staten på den andre sida. Majoritetsreligionar har ein tendens til å ha staten på si side, noko som skaper konfliktar omkring forskjellsbehandling. Eit døme kan vere om staten skal favorisere kristendommen. I Noreg blei statskyrkjeordninga avslutta i 2012.

Verdi- og rettskonfliktar har oppstått når livssynsminoritetar har bringa med seg verdiar og praksisar som kjem i konflikt med menneskerettane eller etablerte førestillingar i storsamfunnet rundt dei. Døme på tema bak slike konfliktar er rituell omskjering, kvinnesyn og arrangerte ekteskap. Slike verdiar og praksisar kan vere direkte eller indirekte knytte til religion.

Majoritet-minoritetskonfliktar oppstår når medlemmar av majoritetsbefolkninga føler seg trua av livsynsminoritetar, og ein får framandfrykt. Ein del av debattane om innvandring i Noreg handla om framandfrykta til majoritetsbefolkninga og kritikk av «dei andre sin religion». Det motsette dømet finn vi når ein minoritet oppfattar majoriteten som ein fiende. Fundamentalistiske grupper kan vere døme på dette.

To døme

Religionsfaget i skulen

Det har vore mykje debatt og usemje omkring religionsfaget i grunnskulen og skulen si tilknyting til Den norske kyrkja. Heilt fram til 2008 heitte det at den offentlege skulen, som er meint for alle borgarar, skulle hjelpe til med å gi elevane ei kristen oppseding.

Grunnen til at den norske staten fjerna dette, var at foreldre knytte til Human-Etisk Forbund og Islamsk Råd hadde gått saman for å gå til rettssak fordi dei meinte at religionsfaget i grunnskulen påtvinga elevane kristendom. Fordi den offentlige skulen blir styrt av staten, er dette eit døme på ein statspolitisk konflikt.

Bilete frå rettssal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

22. juli og islamofobi

Den mest valdelege konflikten i nyare tid er terrorangrepet 22. juli. Ideologien bak angrepet var knytt til ei frykt for muslimar og islam.

Eit omgrep for dette er islamofobi, som viser til fordommar og propaganda mot muslimar, tilsvarande antisemittisme som viser til jødehat. Når jødar og muslimar blir utsette for trakassering i land der dei er ein minoritet, kan vi klassifisere dette som majoritet-minoritetskonfliktar.

Samarbeid

I samband med den nasjonale minneseremonien etter 22. juli 2011 kom representantar for ulike trus- og livssynssamfunn saman og laga videoen under. Dette er eitt av mange døme på samarbeid på tvers av trus- og livssynssamfunn i Noreg.

Kampen mot favoriseringa av den protestantiske kristendommen har ført til at livssynsminoritetar har komme saman for å samarbeide. I 1995-1996 inngjekk Human-Etisk Forbund, Islamsk Råd Norge (IRN), Det Mosaiske Trossamfund (DMT), Buddhistforbundet og Alternativt Nettverk ein allianse for å kjempe mot forslaget for eit nytt religionsfag (KRL) i grunnskulen ein ikkje kunne få fritak frå.

Denne alliansen av ulike religionar, eit humanistisk og nyreligiøse livssyn starta så STL – Samarbeidsrådet for tro og livssyn. Og her inkluderte dei også Den norske kyrkja og frikyrkjene.

I dag har STL to mål: Å arbeide for likebehandling av trus- og livssynssamfunn i Noreg og å arbeide for auka respekt og forståing mellom trus- og livssynssamfunn. Dei har stor politisk påverknadskraft, og på heimesida deira finn ein fort ulike religionspolitiske saker dei ønskjer å påverke.

Dialog

Det nye livssynsmangfaldet i Noreg har ført til ei rekkje dialog-prosjekt. Slike prosjekt kan handle om å motverke fordommar og frykt, eller å få eit nytt blikk på sine eigne religiøse førestillingar, verdiar og praksisar.

På midten av 1990-talet oppstod ei religionsdialogisk rørsle i Noreg der særleg dialogen mellom Den norske kyrkja og muslimar var i fokus, ikkje minst i Kontaktgruppa for Mellomkirkelig Råd og Islamsk Råd Norge.

Nemnde STL er eit døme på ein annan meir politisk orientert møteplass for religions- og livssynsdialog. Dei har også gitt støtte til ulike dialogprosjekt som Dialogpilotene som tilbyr klassar eit opplegg for å jobbe med elevar sine fordommar og haldningar i samband med tru og livssyn. Andre døme som er retta spesifikt mot ungdommar er Ung dialog.

Dialog kan også gå på tvers av tru og ikkje-tru, slik vi finn det i boka Presten og ateisten. Religionsdialog kan også brukast til å skape underhaldning som i NRK-programma På tro og Are og Oh My God der medlemmar frå ulike religionar og livssyn byter og prøver ut kvarande sine liv.

Viktige omgrep

  • religionsmangfald
  • diasporagrupper
  • majoritet
  • minoritet
  • majoritetsreligion
  • livssynsminoritet
  • verdsreligion
  • statspolitiske konfliktar
  • statskyrkjeordninga
  • verdi- og rettskonfliktar
  • majoritets-/minoritetskonfliktar
  • islamofobi
  • STL – Samarbeidsrådet for tro og livssyn
CC BY-SASkrive av Knut Aukland. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Mangfald