Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal sikre at forholda på norske arbeidsplassar er gode. Lova skal òg sikre at fysiske forhold som gjeld luft og lys, oppfyller visse krav. Arbeidstakarane skal mellom anna vere trygge for at dei ikkje blir utsette for fysiske skadar, til dømes høyrselsskadar.
Mann med grøn hjelm med teksten verneombod. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lova sikrar at arbeidstakarane får pausar i arbeidstida, avhengig av kor lang arbeidsdag dei har. Det bør herske ein god tone på arbeidsplassen. Ingen arbeidstakarar skal kjenne seg mobba, og dei tilsette skal bli høyrde og tekne vare på av leiarane sine.

Verneombodet er dei tilsette sitt talerør overfor arbeidsgivaren, og ombodet skal veljast av dei tilsette. Verneombodet har det daglege ansvaret for å passe på at arbeidsplassen oppfyller krava til den fysiske tryggleiken og det psykososiale miljøet til dei tilsette. I tillegg kjem ansvaret for at dei tilsette har medbestemming i saker som vedrører dei.

I bedrifter med meir enn 50 tilsette er det òg eit krav at det finst eit arbeidsmiljøutval, med representantar både frå dei tilsette og frå leiinga.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet er ein statleg etat som har som oppgåve er å passe på at alle arbeidsplassar i Noreg følgjer arbeidsmiljølova. Det overordna målet for Arbeidstilsynet er eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for alle, med trygge tilsetjingsforhold og meiningsfylt arbeid for den enkelte. Kontrollørar frå etaten kan utan å melde frå på førehand kome på bedriftsbesøk for å sjå til at føresegnene i arbeidsmiljølova blir følgde, og dei har fullmakt til å bøteleggje bedrifter som ikkje følgjer opp pålegg frå Arbeidstilsynet. Det gjeld òg forhold som å leggje til rette for spesielle behov og å hindre diskriminering.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2017

Læringsressursar

Medium, arbeidsliv og integrering