Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Framtidas samfunn – dystopi eller utopi?

Å sjå inn i framtida kan nok ingen, men menneske har alltid reflektert over kva framtida vil bringe. I denne oppgåva skal du diskutere konsekvensar som teknologi og digitalisering kan få i framtida.
Mann med VR-briller
Opne bilete i eit nytt vindauge

Allereie i 1932 skreiv Aldous Huxley Brave New World, ein dystopisk roman der han beskriv eit samfunn i det 26. hundreåret, der teknologi har skapt eit nytt samfunn. Han var langt frå den einaste som skrev science fiction med dette som tema, dette er noko som fengjer både forfattarar, filmskaparar og oss som publikum. Serien The Handmaid's Tale er eit anna døme på ein dystopi, og det er også filmane Matrix og Blade Runner.

Eit gjennomgåande tema er korleis teknologi formar samfunnet, og kva det fører til. Dette kan vere dystopiar, altså oppdikta "skrekk-samfunn" der det vonde rår, eller utopiar, "gode" samfunn eller samfunn som er ideal-samfunn. Sjølv om døma frå litteratur og film er fiksjon, altså oppdikta scenario, ser vi nokre likskapstrekk med kva vi opplever i verkelegheita i dag som følgje av den hurtige teknologiske utviklinga på fleire område. I Noreg lever vi i dag i eit kunnskaps- og informasjonssamfunn.

Korleis verda ser ut om 100 år som følgje av teknologi og ein digital revolusjon, er vanskeleg å spå. No skal du få prøve å sjå inn i "spåkula", og diskutere samfunnsmessige konsekvensar av den digitale og teknologiske utviklinga.

Kva slags konsekvensar trur du teknologi og digitalisering vil få i nær og fjern framtid for samfunnet du lever i? Dystopi, utopi eller litt av begge delar?

Sit i grupper. Læraren eller gruppa lagar kort/lappar med til dømes stikkorda under. Gruppa treng ein bunke post-it lappar til å skrive på. Lærar skriv på tavla stikkorda som skal diskuterast , og deler opp tavla i kolonnar.

Gruppa trekkjer ein stikkordslapp, og kvart gruppemedlem bruker 2-3 minutter på å skrive ned stikkord kvar for seg. Døme: Gruppa trekkjer lapp med stikkordet klima. Gruppemedlemmane noterer stikkord på post-it-lappar for kva for konsekvensar dei mener teknologi og digitalisering vil ha for klima i framtida. Når alle har fått notert ned nokre stikkord, samanliknar og drøftar gruppemedlemmane kva dei kom fram til. Gruppa samanfattar punkta sine, og skriv sioppsummering under tema-kolonna på tavla.

Når alle gruppene har diskutert alle valte stikkord ut frå gitte spørsmål, og skrive på tavla kva dei kom fram til, er det tid for å samanlikne og oppsummere. Kva såg de i spåkula for framtida?

Forslag til stikkord: samfunn, makt, sosial ulikskap, helse, velferd, kommunikasjon, kultur, globalisering, informasjonssamfunn, kunnskapssamfunn, kommunikasjonssamfunn, klima, arbeid og produksjon, yrke, dystopi, utopi, digital revolusjon, økonomi, internasjonal arbeidsdeling, fattigdom, fordeling av gode, sosial mobilitet, utdanning, robotisering, automatisering.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kunnskaps- og informasjonssamfunnet