Hopp til innhald

Fagstoff

Sosial differensiering: kjønn

Det finst utallege måtar å skilje mellom menneske på, som etnisitet, nasjonalitet, klasser og makttilhøve. Her skal vi sjå på ein av dei mest openberre måtane å skilje samfunnsmedlemmane på, nemleg kjønn.
En illustrasjon av en kvinne - og mannsskikkelse på eit skilt. Skiltet er slitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei tidlege antropologane brydde seg ikkje nemneverdig om kjønn, sjølv om kjønnsidentitet kanskje er ein av våre viktigaste identitetar. Kvinner blei meir eller mindre sett på som mannen sin eigedom, og forskinga blei gjort ut frå eit såkalla androsentrisk perspektiv. Forskarane prøvde å forstå verda ut frå mannen sitt synspunkt. Dette var forståeleg nok, ettersom fleire av desse antropologane hadde sitt virke i første del av 1900-talet. I denne perioden blei kjønnsforskjellane sett på som naturlege, og mannen sitt perspektiv blei framstilt som fasiten. Dei var på mange måtar barn av si tid.

Auka fokus på kjønn

Ei kvinne med hijab. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I løpet av dei siste tiåra har vinden snudd. Forskarar har via kvinner og kvinna sitt perspektiv meir merksemd enn tidlegare. Det er blant anna forska på kjønnsdiskriminering. Som i samfunnet elles er dette eit tema som rett nok har splitta ein del forskarar – spesielt dei som har forska på kvinna si rolle i Midtausten. Her har nokon forfekta at det går føre seg kvinneundertrykking, mens andre har argumentert for at dette er slutningar basert på forskarane si eiga forståing av kjønn. Denne parten seier at vårt eige perspektiv på kvinner og kjønnsdiskriminering ikkje nødvendigvis lar seg overføre til andre samfunn. I tillegg har det blitt stilt spørsmål ved om kvinner kan vere undertrykte på tross av at dei sjølve meiner noko anna.

Kjønn som eit samfunnsprodukt

Gjennom den auka forskinga på kjønn og kjønnsroller er vi no klare over at stort sett alle samfunn har eigne tankar om kva det vil seie å vere mann eller kvinne. Sagt på ein annan måte: Alle samfunn har eigne retningslinjer for korleis kjønn blir konstruert, det vere seg sosialt eller kulturelt. Kjønn er med andre ord ikkje eit resultat av ei guddommeleg makt.

"Mannlege" og "kvinnelege" eigenskapar er heller ikkje naturlege. Kjønn er ein sosial konstruksjon, der samfunnet bestemmer kva det inneber å vere det eine eller det andre. Samfunnet bestemmer om menn eller kvinner skal leie, om menn eller kvinner skal vere jegerar, om menn eller kvinner har det fremste omsorgsansvaret. Det er med andre ord samfunnet som bestemmer korleis samfunnsmedlemmane skal skiljast basert på kjønn.

Målet for antropologar er å forstå og forklare korleis denne konstruksjonen går føre seg, samt kva konstruksjonen gjer med og for samfunnsmedlemmane. Dette betyr at antropologar i all hovudsak er opptekne av det sosiale kjønn framfor det biologiske kjønn. Det sosiale kjønn blir rekna som eit konstruert fenomen, framfor et gudgitt eller naturleg vesen.


Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial ulikskap