Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er neopaganisme?

Neopaganisme (nyheidendom) er ei ganske ny religionsform, sjølv om han er inspirert av dei eldste religionane vi kjenner.
Altar med skål, drikkehorn, lyskrans, kanne og ein grisefigur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pagan (frå latin) betyr eigentleg «landsbybuar», så nemninga galdt heidningane som budde ute på landet (på heiden, jf. engelsk heathen) og dyrka sine gamle gudar i staden for å gå i kyrkja. Denne fagartikkelen handlar mest om neopaganisme i Noreg. Først blir tre moderne former for heidendom presentert, deretter blir det peika på nokre fellestrekk.

Åsatru

Åsatruarar i dag held seg til dei gamle gudane slik dei er framstilte i Edda. Det er likevel ikkje så viktig kva ein trur, det er viktigare kva ein gjer. Dei som er med i et blotslag, møtest gjerne for å blote (offer) fire gonger i året (jamdøger og solkverv) pluss ved enkelte andre hendingar, til dømes fødsel eller inngåing av ekteskap. Sjølve blotet opnar gjerne med å påkalle gudane, før ein skålar og drikk (helst mjød) til deira ære. Sjølve offeret inneber å leggje noko med symbolverdi på bålet: mat, drikke eller noko anna. Etterpå er det fest, den meir uformelle delen av blotet.

Du får eit inntrykk av korleis rituala går føre seg i desse to YouTube-videoane:

Dei første norske blotslaga blei etablerte på 1980-talet, inspirert av korleis åsatrua på Island hadde organisert seg ti år tidlegare. Mange norske blotslag er organiserte i Bifrost eller Forn Sed, som begge er registrerte trussamfunn. Andre føretrekkjer å ikkje formalisere religionsutøvinga si på denne måten.

Wicca

«Heksereligionen» Wicca blei etablert i England på 1950-talet, som ein slags rekonstruksjon av førkristen keltisk religion, The Old Religion. Ein del forskarar antok på denne tida at heksene som ble brende under renessansen eigentleg var løynde utøvarar av førkristen religion. Sjølv om denne hypotesen ikkje lenger er gyldig, reflekterer han sjølvforståinga til dei moderne heksene.

Wicca feirar åtte solfestar i samband med den gamle keltiske kalenderen. To døme er samhain (jf. allehelgensdag/halloween) og mainatt (midt imellom vårjamdøger og sommarsolkverv). I tillegg blir det gjerne arrangert samlingar ved nymåne eller fullmåne. Wicca-gruppene er laust organiserte i nettverk, der den enkelte coven (heksesirkel) har stor autonomi. Derfor er sirklane også svært forskjellige.

Då Gerald Gardner konstruerte den første versjonen av wicca, kombinerte han ritual og anna han fann i antropologisk litteratur med ritual han hadde fått frå Aleister Crowley og O.T.O. Nokre år seinare blei mykje av dette fjerna til fordel for eit større fokus på natur og feminisme.

Neosjamanisme

Moderne sjamanisme vaks fram i kjølvatnet av boka Sjamanens vei (1980) av antropologen Michael Harner, der han både greia ut om forskinga si og rettleia dei lesarane som ville gjere ei «trommereise». Ei trommereise blir gjennomført i ein halvmedviten tilstand, gjerne under påverknad av hallusinogene stoff frå naturen, i eit fantasilandskap der ein kan møte dyr som gir kraft og vern, men også utfordringar. Slike «reiser» inngår i mange naturreligionar, også i førkristen samisk religion (jf. noaidar). Ailo Gaup hadde samisk bakgrunn og blei på grunn av bøkene sine og omfattande kursverksemd den mest kjende neosjamanen i Noreg.

Trommereiser kan gjerast på kurs eller inngå i meir omfattande samanhengar, til dømes som ein del av eit wicca-ritual. I 2012 blei også Sjamanistisk forbund stifta som eit registrert trussamfunn.

YouTube: Sjaman Eirik Myrhaug utfører ei trommereise.

Nokre gjennomgåande særdrag ved neopaganismen

Eit særdrag ved neopaganismen er polyteisme eller «fleirguderi». Det er plass til mange gudar, men endå viktigare er det at det er plass til mange måtar å tru på gudane på. Mange held seg til Gud og Gudinne som eit kjønna gudepar. Dei personifiserer årssyklusen og samlar alle andre gudar i seg. Somme skapar sitt eige panteon eller (tempel for) gudeverda, mens andre vel eitt panteon. Somme har berre éin Gud, og det kan vere Odin, men det kan også vere Gudinna, Moder Jord.

Somme ser på gudane som eigne vesen eller skapningar, mens andre ser på dei som personifiseringar av naturelement." Det er heller ikkje uvanleg å forklare forholdet til gudane psykologisk, ofte i lys av den sveitsiske psykiateren Carl Gustav Jungs teori om arketypar, det vil seie ubevisste førestillingar eller symbol som menneske har felles (det kollektivt underbevisste). Med mange gudar blir det heller ingen grunn til misjon: «Vi har våre gudar, de har dykkar.»

Eit anna særdrag er at neopaganismen verkar meir opptatt av livet her og no enn av eit evig liv i ei anna verd. I neopaganismen er naturen heilag og skal respekterast. Synet på naturen i neopagansime kan slå ut som ei moderne form for animisme. Animisme er ei tru på at det finst åndelege krefter i naturen. Neopaganismen anerkjenner at mennesket er ein kropp, og sidan gudane møter mennesket i naturen, har dei gjerne eit positivt forhold til seksualitet, dans, rus og rytme.

Viktige fagomgrep

  • neopaganisme
  • åsatru
  • wicca
  • neosjamanisme
  • polyteisme
  • animisme
CC BY-SASkrive av Geir Winje.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Nyreligiøsitet