Fagstoff

Kva er humanisme?

Publisert: 06.05.2019

Humanisme er ei oppfatning av røynda eller perspektiv som set verdigheita og velferda til mennesket i sentrum.

Person med en himmel i bakgrunnen. Siluett.  

Eit perspektiv: mennesket i sentrum

Ordet humanisme blir brukt på så mange forskjellige måtar at det kan vere vanskeleg å gripe. Å avgrense det til eit ikkje-religiøst livssyn blir for firkanta, og å utvide det til alt godt og menneskeleg, blir for rundt. Men ser vi nærmare på dei ulike tydingane, oppdagar vi at alle gir noko å diskutere.

Humanisme handlar ikkje først og fremst om ei særskild tankeretning eller posisjon, men om eit generelt perspektiv som set mennesket – verdigheita og velferda deira – i sentrum. Dette perspektivet kan kallast antroposentrisk (frå gresk: anthropos, menneske). Det tek utgangspunkt i at mennesket er eit sjølvstendig subjekt, som ikkje kan bli redusert til ein funksjon av andre krafter. Det er verken ein kasteball i hendene til gudane eller naturen.

Dette perspektivet er inga sjølvfølgje. I staden for å setje passerspissen i mennesket og gjere det til sentrum, kunne ein setje passerspissen «over» eller «under» mennesket, i verda til gudane eller naturen. Historisk har begge tenkemåtane gamle røter, men dei er også framme i aktuell debatt, som to døme viser:

  • For det første kunne ein ta utgangspunkt «over» mennesket, i eit religiøst perspektiv: I 2008 vedtok FN sitt menneskerettsråd ein resolusjon mot krenking av religionar, som møtte kraftig kritikk. Menneskerettane skulle jo verne mennesket sin rett til å ha ein religion og å ytre seg fritt om religion, ikkje verne gudar mot å bli krenkt av mennesket. I fleire land er blasfemi forbode, og til og med forbunde med dødsstraff. Då blir ikkje mennesket sett i sentrum.

  • For det andre kunne ein ta utgangspunkt «under» mennesket, i eit naturperspektiv. Då har ikkje menneske rett til å utfalde seg på kostnad av dyr og planter. Desse har like stor – eller større – rett til å leve enn menneske, som lik skadelege organismar trugar med å øydeleggje jorda. Å ofre mennesket for naturen er eit ekstremt standpunkt, men idéen om eigenverdien til naturen kan vere ei motvekt til ein farleg arrogant antroposentrisme.

 

«Mennesket i sentrum»-perspektivet er ein svært abstrakt måte å definere humanisme på, så vi må sjå nærmare på korleis ordet blir brukt i praksis. Ein kan dele inn på fleire vis, men her er tre vanlege bruksmåtar eller «klynger» av bruksmåtar:

  1. ei klassisk orientert kulturrørsle
  2. eit moderne ikkje-religiøst livssyn
  3. ei livshaldning med vekt på menneskeverd og velferd

Første bruksmåte: ei kulturrørsle og ein fagkrets

I den italienske renessansen oppstod ei ny interesse for gresk og romersk antikk, og dei som fordjupa seg i klassiske studium, blei kalla umanista. Ordet humanisme fanst ikkje, men ein humanist var en lærar i språk og litteratur. Altså «menneskelege studium», studia humanitatis, i motsetning til studium av det over- og undermenneskelege, som teologi og naturvitskap. Tidleg på 1800-talet fortonte humanisme i Tyskland seg som namn på eit antikkorientert pedagogisk program: Å bli menneske var ikkje først og fremst å tileigne seg praktiske ferdigheiter, men å lære av grekarane og romarane sine eksempel, altså ein danningshumanisme.

Menn med hatt sitter henslengt på en benk i en kulisse av antikk arkitektur. Maleri.Den tyske diktaren Johann Wolfgang von Goethe var fascinert av antikken, og beskriv opplevingane sine frå Italia i dagboka Italiensk reise (1816–17). Her er han portrettert av målaren Johann Heinrich Wilhelm Tischbein i landskapet utanfor Roma (1787). 

I dag blir termen humaniora eller humanistiske fag brukt om «menneskevitskapar», som blir studert ved humanistiske universitetsfakultet: språk, litteratur, kunst, filosofi og historie.

Humaniora er stadig under debatt: Er dette unødvendige fag i eit samfunn som spør etter teknisk og økonomisk kompetanse – eller er dei ei nødvendig motvekt? Bør vi kvitte oss med humanistiske fag som litteratur, kunst, filosofi og historie – eller er dei med å verne om menneskelege verdiar i ein kald og nytteorientert kultur?

Andre bruksmåte: eit ikkje-religiøst livssyn

Termen humanisme blir ofte brukt – særleg i den engelskspråklege verda – om eit moderne verdsleg livssyn, knytt til ateisme eller agnostisisme. Å setje mennesket i sentrum betyr her å fokusere det menneskelege i motsetning til det guddommelege. Internasjonalt blir også nemninga secular humanism brukt, i Noreg livssynshumanisme, humanetikk, sekulær humanisme – eller berre humanisme.

Livssynshumanismen vil skape det gode liv for individ og samfunn på grunnlag av menneskerettane og å oppnå vitskapleg kunnskap, utan religiøs styring. Den leiande livssynshumanisten Richard Norman seier i boka Humanisme at humanisme i den tydinga han vil bruke ordet, er «et forsøk på å tenke over hvordan vi bør leve uten religion».

I Noreg er livssynshumanismen knytt til organisasjonen Human-Etisk Forbund, stifta i 1956.

Bord med blå duk, et tent stearinlys og en vinpel med enlogso som fremstiller et menneske. Foto.«Happy man» er logoen til humanistorganisasjonen IHEU (International Humanist and Ethical Union), som frå 2019 også bruker kortnemninga Humanists International. Human-Etisk Forbund i Noreg er medlem her. Den internasjonale logoen blei endra noko ved namneskiftet i 2019.

Livssynshumanismen ber også i seg stoff til diskusjon: For det første finst brytningar innan rørsla, ikkje minst mellom dei som ser kamp mot religion og overtru som det sentrale, og dei som heller vil vektleggje det positive menneskesynet til humanismen, arbeid for menneskerettar og velferdsutvikling. For det andre har han møtt kritikk, blant anna for å gjere seg avhengig av religionen som fiende og teikne eit forenkla bilete av denne.

Tredje bruksmåte: ei livshaldning

Dei positive kjerneverdiane til livssynshumanismen, som verdigheita og velferda til mennesket, kan du finne att i ulike religionar og livssyn. Slik forstått er humanisme verken ei spesiell kulturrørsle eller eit spesielt livssyn, men ei generell livshaldning. Frå 2012 har humanisme i denne tydinga fått plass i Grunnloven, som seier at staten skal byggje på «vor kristne og humanistiske Arv». Kva er så humanisme som samlande verdigrunnlag?

Dag Hareide har i boka Hva er humanisme frå 2011 stilt opp seks punkt som gjer humanismen meir konkret og profilert knytt til aktuelle tema:

  • fundamentet: menneskeverdet, uttrykt i menneskerettserklæringa til FN
  • ein etikk: den gylne regel eller ymsesidigprinsippet (nestekjærleiken)
  • ein politikk: demokratiet
  • ein pedagogikk: danninga (mennesket må lære å bli medmenneske)
  • ein erkjenningsveg: den frie, kritiske tanke
  • ei kommunikasjonsform: dialogen

Demonstrasjob med plakat som sier at godhet er greit. Foto.Flyktningkrisa utfordrar til å verkeleggjere humanistiske verdiar ut frå alle individ sitt likeverd og rett til eit menneskeverdig liv. Her handlar det om humanisme i tydinga humanitet og medmenneskelegheit. Biletet syner ein demonstrasjon i 2016 for å ta vare på asylretten i regi av Facebook-organisasjonen "Refugees Welcome To Norway".  

Menneskeverd er inga sjølvfølgje. Sjølv om dei fleste land har slutta seg til menneskerettserklæringa til FN, er likestilling, ytrings- og religionsfridom stadig truga, og kampen mot krenkingar kan medføre heimlege omkostningar og politisk strid.

Kva menneskeverd inneber, kan også diskuterast. Debatten om eutanasi (dødshjelp) og omgrepet «verdig død» reiser spørsmålet om menneskeverd er knytt til mennesket si oppleving av sjølvstende og livskvalitet, eller rett og slett til at det er eit menneske, uansett tilstand.

Litteratur:

  • Hareide, D. (2011). Hva er humanisme? Oslo: Universitetsforlaget.
  • Hareide, D. (2011, 07. desember). Hva er humanisme i grunnloven? Salongen – nettidsskrift for filosofi og idéhistorie. Henta frå http://www.salongen.no/359/
  • Selnes, Kjartan (2012, 24. februar). Hvor humanistisk er "humanismen"? En kommentar til den særnorske debatten om humanismebegrepet. Fri Tanke. Henta frå https://fritanke.no/kommentar/hvor-humanistisk-er-humanismen/19.8767
  • Aas, P. A. (2011). Humanisme. «Først og fremst et menneske». Oslo: Pax Forlag.
  • Aas, P. A. (2011. 21. november). Humanisme – hva er det? Salongen – nettidsskrift for filosofi og idéhistorie. Henta frå http://www.salongen.no/349/
  • Aas, P. A. (2006). Livssyn: et humanistisk perspektiv, i G. Neegaard (Red.), Logos og dharma. Religioner, livssyn og etikk (s. 275–322). Bergen: Fagbokforlaget.