Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Gjer eit intervju om religiøs påverknad

Religion har påverka samfunn, menneske og kultur. I forrige oppgåve skreiv du ned tankane dine om korleis religion har påverka verda rundt han. No skal du finne ut kva den eldre generasjonen meiner om det same temaet.
Et fotografi av en kvinne som snakker med en mann.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

I denne oppgåva skal du undersøkje korleis den eldre generasjonen meiner religion har påverka samfunnet, på godt og vondt. Dette skal du gjere gjennom eit intervju.

Personen du intervjuar kan vere ein slektning (besteforeldre, onklar, tanter), ein prest, ein krigshelt eller liknande. Målet er uansett å finne ut kva dei tenkjer om religionen sin påverknad på verda rundt dei.

Før du set i gang er det viktig å finne ut kven du skal intervjue. Kven trur du det kan vere interessant å snakke med? Intervjuobjektet behøver ikkje å vere ein religiøs person. Likevel er det viktig at den du vel må ha lyst til å snakke med deg.

Korleis gjere eit intervju

Til å begynne med

  1. Du må finne ein informant som har lyst til å snakke med deg.
  2. Bruk gjerne video eller lydopptakar i tillegg til skriftlege notat. Denne typen dokumentasjon kan vise seg å vere verdifull. Det sikrar at du får med deg alt.
  3. De må bli einige om tid og stad, helst ein stad der intervjuobjektet føler seg komfortabel. Viss ho føler seg komfortabel og trygg, vil det også bli lettare å gjennomføre intervjuet.
  4. Før de begynner intervjuet, er det viktig å svare på eventuelle spørsmål intervjuobjektet har. Forsøk å svare så grundig som mogleg, slik at ho blir trygg på situasjonen. Når dette er gjort, er det din tur til å lytte og hennar tur til å snakke. Vis at du lyttar og er interessert gjennom ansiktsuttrykk, nikk og liknande.
  5. Ha spørsmål og oppfølgingsspørsmål klare. Bruk tid til å finne ut kva du skal spørje om. Når du er godt førebudd, kan du også finne oppfølgingsspørsmål etter kvart, viss informanten din svarar noko du ikkje har tenkt på.
  6. Still også spørsmål om intervjuobjektet sjølv, til dømes om kvar ho er frå, utdanning/yrke og familiebakgrunn. Då kan du fortelje lesaren din kven denne personen eigentleg er, før du går inn på det eigentlege temaet for intervjuet.
  7. Når du skriv ut intervjuet ditt, er det lurt å skrive ein kort presentasjon av intervjuobjektet ditt først, før du går i gang med det som eigentleg er tema for intervjuet ditt. Då veit lesaren kva for bakgrunn respondenten din har, og det blir lettare å forstå det vedkommande fortel.

Etter intervjuet

  1. Reinskriv notata dine og gå gjennom dokumentasjonen (viss du har brukt video eller lydopptakar). Ver sikker på at du gjev att intervjuobjektet korrekt.
  2. Skriv ut intervjuet. Unngå å skrive eit "spørjeskjema" med berre spørsmål og svar. Det gjer du ved å fortelle om noko av det du opplever i intervjusituasjonen, med smil, blikk, hovudristing, armbevegelsar og liknande, for å beskrive situasjonen så nøyaktig som over hovudet mogleg. Gode beskrivingar gjer intervjuet fengande for lesaren.
  3. Arranger en historiestund for klassa, der du les intervjuet for dei.
CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Religion