Fagstoff

Sikhisme – opphav og utbreiing

Publisert: 24.04.2019

Sikhisme oppstod i India på slutten av 1400-talet og er med drygt 25 millionar tilhengjarar verdas femte største religion. Sjølv om dei aller fleste sikhar bur i India, er sikhisme ein global religion, som legg vekt på likestilling.

Mann med hvitt skjegg, kjortel og turban sitter på teppe. IllustrasjonGuru Nanak grunnla den religiøse rørsla som i dag går under namnet sikhismen.

Byrjinga – Guru Nanak

Sikhane sin tradisjon går attende til grunnleggjaren Guru Nanak (1469–1539). Han blei fødd i Punjab i India, der muslimske stormogular regjerte. Folk flest i området var på den tida hinduar. I janamsakhiane, legendariske forteljingar om Nanak, blir det fortald at han ein dag gjekk for å bade i elva og blei borte i tre dagar. Då han dukka opp igjen, var det med denne bodskapen: «Det finst verken muslimar eller hinduar».

For Nanak var dette ein sentral bodskap, nemleg at skilje mellom menneske på basis av religion var tilfeldig og kunstig. I verkelegheita søkte alle den same guden. Og sidan det berre er éin Gud, er det også berre éi menneskeslekt. Å skilje menneske i ‘hinduar’, ‘muslimar’ og andre kategoriar er derfor meiningslaust.

Kritisk til ytre ritual

Nanak var kritisk til ytre ritual, noko hinduprestane på hans tid var oppteken av. Som dei andre diktarhelgenane (religiøse diktarar som samla disiplar rundt seg) i Nord-India på byrjinga av 1500-talet, meinte han at Gud ikkje kunne nåast via ytre ritual, men var å finne i mennesket sitt indre.

Nanak samla disiplar (sikhar) rundt seg og var læraren deira (guru). Han dikta mange hymnar som sikhar kunne syngje og meditere på og forkynte at mennesket kan nærme seg Gud gjennom meditasjon på Guds namn.

Guru sitter på teppe under et tre omgitt av to menn. Illustrasjon.Guru Nanak med den muslimske musikaren Mardana (til venstre) og Bala. Tresnitt på papir, truleg laga i Lahore ca.1875. 

Oppteken av likestilling

Nanaks bodskap var elles prega av vekta på likestilling, ikkje berre mellom menneske med ulik religiøs tilhøyrsel, men også mellom sosiale klassar og kastar og mellom kjønn. Mange sikh-forteljingar skildrar korleis Nanak føretrekte samvær med dei som var sette på som lavkastar, idet han sette moralsk kvalitet over kastetilhøyrsel. Motstanden mot kastesystemet og kjønnsdiskriminering har overlevd som likestillingsprinsipp i sikhismen sin ideologi fram til i dag.

Dei ti guruane – og Guru Granth Sahib

Guru Nanak blei etterfølgd av ni andre guruar. Kvar ny sikh-guru blei utpeikt av den forrige på basis av moralske og åndelege kvalitetar. Guruane verka i Nord-India frå byrjinga av 1500-talet og fram til 1708, då den siste guruen, Gobind Singh, blei drepen i kamp.

I løpet av dei to hundre åra sikh-guruane verka, gjorde hendingar i samtida at sikh-tradisjonen skifta karakter på nokre område. Sikhar møtte mykje motstand og undertrykking både frå mogulregimet og frå ein del av dei lokale hindukongane i Nord-India, blant anna fordi fleire av sikh-guruane var populære rådgivarar for lokalbefolkninga og naut stor respekt. Både den femte og den niande guruen leid martyrdøden.

Mann bærer bilde av ti guruer og et gyldent tempel i prosesjon. Foto.Ein gateseljar tilbyr plakatar med bilete av dei ti guruane og det gyldne tempelet i Amritsar i samband med 400-årsfeiringa av sikhane si heilage bok, Guru Granth Sahib. 

Åndeleg og militært fellesskap

Dette førte til at den tiande guruen, Gobind Singh, oppretta eit militært fellesskap av trufaste sikhar, khalsaen. Desse sverga truskap til Gobind Singh og sikhane sine ideal og forplikta seg til å bere bestemte symbol. Frå å vere ei åndeleg rørsle med vekt på søken etter Gud i sitt indre utvikla sikhismen på sett og vis ‘to ansikt’: det eine retta mot det åndelege livet og det andre retta mot fysisk forsvar av sikhane og sikh-tradisjonen.

Gobind Singh bestemte at det etter hans død ikkje skulle utpeikast nokon ny guru. Den heilage skriftsamlinga, Adi Granth, som inneheld dikt og hymnar skrivne av guruane og andre diktarhelgenar, skulle vere sikhane sin siste guru og øvste autoritet under namnet Guru Granth Sahib. Boka er sikhane sin rettleiar og øvste autoritet også i dag.

Utbreiing – sikhisme som global religion

Frå den spede byrjinga i Punjab spreidde sikhismen seg over store område i Nord-India, ikkje minst under Ranjit Singhs sikh-imperium på byrjinga av 1800-talet. Britane auka likevel innverknaden sin, og i 1858 gjorde dronning Victoria India til britisk kronkoloni. På slutten av 1800-talet og fram til India blei sjølvstendig i 1947, utvandra mange sikhar til britiske koloniar, dels som sivil arbeidskraft for koloniherrane og dels som soldatar i hærstyrkane til britane. Mange blei sende til dei asiatiske koloniane. Ein del sikh-soldatar busette seg der etter at dei var ferdige med soldat-tenesta si og fekk også henta den indiske familien sin til den nye bustaden.

Menn med turban peker på land på et verdenskart. Fotografi.Sikhane er kjende som dyktige krigarar. Då India blei britisk koloni, blei også sikhane underlagde britisk militærkomando. Biletet viser eit sikh-regiment som studerer eit verdskart i 1947. Dette året trakk britane seg ut av India. Mange sikhar blei drepne i dei store folkeflyttingane som skjedde då Pakistan blei skilt ut som eigen stat.

I 1890-åra sende britane dessutan mange sikhar til Aust-Afrika for å arbeide på britane sine jernbaneprosjekt der. I dag finn vi mange etterkommarar av desse, spesielt i Kenya, men også i Tanzania og Uganda. Også til den amerikanske vestkysten kom sikhar allereie på slutten av 1800-talet og busette seg spesielt i California og British Columbia (Vancouver). At sikhar har dradd til England sidan siste halvdel av 1800-talet, har samanheng med relasjonen deira til kolonimakta. Ikkje minst i vanskelege tider i India har mange sikhar emigrert til England.

Misjonsverksemd

Sikhar har ikkje tradisjonelt vore oppteken av misjonsverksemd. Fokus har heller vore på å bevare sikhar sin identitet i nye omgivnader. At sikhar i dag blir karakteriserte av ei stor, global spreiing, skuldast først og fremst at sikhar har utvandra frå India.

Samtidig er mange av dagens sikhar i USA og Sør-Amerika konvertittar som har slutta seg til den indiske sikhen Yogi Bhajan og 3HO-rørsla hans, som driv utstrakt misjonsverksemd i Vesten.

Vi finn sikhar på alle kontinent: Asia, Oseania, Afrika, Nord-Amerika, Sør-Amerika og Europa. Dei fleste sikhar utanfor India (diaspora-sikhar) bur i engelskspråklege land som England (432.429), Canada (468,670) og USA (ca. 250.000).

 

Til fordjuping

Ønskjer du å lære meir om sihismen, kan du sjå ei videoførelesing på Khan Academy.

Khan Academy: Introduksjon til sikhismen 

Du får den engelske tekstinga automatisk omsett til norsk dersom du vel "automatisk omsetjing" (sjå tannhjulsymbolet i høgre hjørne i videoruta):

 

 

Kjelder som er brukte i denne artikkelen: