Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Påverknad frå religionen

Religionar har ofte gjort eit sterkt inntrykk på samfunn og menneske. Tru har både påverka samfunnsutvikling, og ho har gitt religiøse menneske meining i livet. I denne oppgåva skal du jobbe med korleis religion har påverka samfunnet rundt deg.
julepynt
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Tenkeskriving: Set av 3 minutt og skriv ned alt du meiner religion har påverka. Det kan vere noko så enkelt som namn, reglar eller tradisjonar.

Tenkeskriving er ei form for utforskande skriving der du skal prøve å skrive deg inn i eit tema. Målet for denne oppgåva er å skrive ned alle tankane du har om temaet religion og samfunn. Blyanten skal heile tida vere i bevegelse.

Oppgåve 2

Bruk det du skreiv i oppgåve 1 som utgangspunkt, og skriv ein tekst der du drøftar korleis religion har påverka samfunnet rundt deg. Skriv omtrent ei side.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Religion