Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Med livet i hendene

Kva får ein norsk FN-soldat til å senke maskingeværet og forsøkje roe ned rusa og tungt væpna motstandarar?
FN-soldatar med skytevåpen bak sandsekkar ved sida av armert køyretøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei siste tiåra har Noreg delteke i fleire FN- og NATO-leda militære operasjonar, og soldatane blir ofte stilte overfor store moralske spørsmål og dilemma. Frank er tidlegare soldat og har lang erfaring frå norske militære operasjonar i utlandet. I denne podkasten beskriv han ein dramatisk episode frå tida si som soldat.

Før du lyttar til podkasten

  • Når er det riktig å drepe?

  • Kva er ein god soldat? Nemn minst tre eigenskapar ein god soldat bør ha.

Lytt til podkasten Etisk dilemma

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Etisk dilemma: Med livet i hendene

Kva får ein norsk FN-soldat til å senke maskingeværet og forsøkje å roe ned rusa og tungt væpna motstandarar? Dei siste tiåra har Noreg delteke i fleire FN- og NATO-leia militære operasjonar, og sold...

0:00
-0:00

Etter at du har lytta til podkasten

  1. Når Frank kjem til kontrollposten møter han to truande soldatar frå dei lokale sikkerheitsstyrkene. Dei er sinna, tungt væpna, rusa, og den eine av dei har fingeren på avtrekkjaren av maskingeværet sitt. Vurder om Frank har rett til å skyte i denne situasjonen. Bruk desse to moralske perspektiva:
    1. Konsekvensetikk. Kva ville konsekvensane ha vore viss Frank hadde skote?
    2. Pliktetikk. Kva slags moralske plikter har Frank i denne situasjonen?
  2. Frank står ansikt til ansikt med to væpna soldatar frå dei lokale sikkerheitsstyrkene. Han vel då å vende maskingeværet vekk for å roe ned situasjonen og snakke med soldatane. Vurder denne handlinga ut frå eit konsekvensetisk og pliktetisk perspektiv.
    1. Kva for konsekvensar trur de Frank først og fremst tek omsyn til? Konsekvensane for seg sjølv, soldatane frå dei lokale sikkerheitsstyrkene, hans eigne kameratar og/eller oppdraget?
    2. Kva for plikter trur de Frank tar omsyn til i denne situasjonen? Plikta til ikkje å drepe, plikta til å ta vare på seg sjølv, lojaliteten overfor medsoldatane eller plikta til å ta vare på freden i området?
  3. Vurder Frank si historie ut frå eit dydsetisk perspektiv.
    1. Kor viktig er den enkelte soldaten sin karakter og individuelle dømmekraft i ein slik situasjon?

    2. Kva for betyding har fellesskapen og treninga med dei andre soldatane?

    3. Ifølgje Aristoteles’ dydsetikk er mot den gylne middelvegen mellom feigskap (for lite mot) og dumdristigheit (for mykje mot). Diskuter om Frank fann den gylne middelvegen i dette dømet.

  4. Skriv ei kort oppsummering. Kva for etiske perspektiv er viktigast for å forstå Frank sitt val? Er du einig i Frank sin handlemåte, eller er det noko han burde gjort annleis?

Relatert innhald

I dydsetikken er målet at menneska utviklar dei rette kjenslene, dei rette haldningane og ei god moralsk dømmekraft.

I konsekvensetikken er det resultatet av handlingane dine som tel. Den riktige handlinga er den som gir best konsekvensar for flest mogleg.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2022

Læringsressursar

Etiske modellar