Hopp til innhald

Fagstoff

Djevleutdriving og refleksjon

Både sosiologar og sosialantropologar har utvikla ei rekkje teoriar om kva for funksjonar religionar har. Her skal vi sjå nærmare på eit ritual som skal få deltakarane til å tenkje over posisjonen dei har i samfunnet.
Et fotografi av en mann som stikker ut tungen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Singalesiske buddhistar og djevleutdrivingar

Den australske antropologen Bruce Kapferer utførte i si tid undersøkingar av singalesarane på Sri Lanka. I løpet av opphaldet kom han over eit ritual som vekka interessa hans. Dei buddhistiske singalesarane utførte djevleutdrivingar. Ikkje berre éin type, men heile fire ulike former for utdriving som kvar tok opp mot tolv timar å gjennomføre. Det starta klokka 18 om kvelden, og varte til klokka 6 om morgonen. Rituala var med andre ord ganske omfattande og involverte mange menneske.

Eit offentleg spetakkel

Vi skulle jo tru at denne type utdrivingar gjekk føre seg i det skjulte. Viss du er besett av ein demon eller djevel, skulle ein tru at det ikkje er noko som alle og ein kvar treng å kjenne til. Men Kapferer seier at dette slettes ikkje var tilfelle. Rituala føregjekk ikkje i skjul av nattemørket. Dei var i aller høgaste grad ei offentleg hending – med mange tilskodarar og deltakarar.

Skeivt syn på verda

Som med all anna forgjering, i den grad vi har belegg for å seie noko sånt, er det sjølvsagt noko som ikkje stemmer. Den som har blitt forgjort, gjer og seier ting som ikkje gir meining for dei andre i samfunnet. Hos singalesarane har pasienten fått eit skeivt og feil syn på seg sjølv og omverda. Han eller ho har eit feil perspektiv på seg sjølv og sin eigen posisjon i det sosiale hierarkiet. Så, i tillegg til å drive ut demonen, må utdrivarane også klare å rette opp att pasienten sitt verkelege syn på verda. Dei kan ikkje ha ein person med urealistiske oppfatningar om seg sjølv og andre vandrande rundt i samfunnet.

Plassering og tyding

Utdrivingane går alltid føre seg heime hos pasientane, aller helst rett framfor huset. På den måten kan alle få med seg det som skjer. Men det er langt frå uvesentleg kvar dei forskjellige tilskodarane står. Pasienten sine slektningar oppheld seg som regel rett ved sidan av pasienten. Andre er plasserte litt lengre unna. Menn sit utandørs, kvinner innandørs. Dei med høg status sit på stolar, mens dei med låg status må avfinne seg med å sitje på matter. Alt er planlagd slik at ritualet speglar struktur og hierarki i dagleglivet. Kor dei oppheld seg seier noko om kva for posisjon dei har i samfunnet.

Ritualet har dessutan fleire deltakarar enn berre utdrivarane. I området rundt pasienten går det føre seg både dans og skodespel som skal representere kampen mellom det gode og det vonde. Tilskodarane deltek òg, men i varierande grad. Pasienten sine slektningar forsøker å halde (andre) vonde demonar unna, mens vennar, naboar og andre berre deltek når ritualet når visse høgdepunkt. Etter at dei har delteke, går de tilbake til kortspel, te og samtalar.

Ifølgje Kapferer skal ritualet få deltakarane til å reflektere over rolla si i samfunnet. Ved å gå inn og ut av ritualet skal dei forstå sin eigen kvardag betre. For husk, ritualet blir organisert på ein spesiell måte og det skal gjere samfunnsstrukturen tydelegare enn elles. Dette skal igjen skape refleksjon hos deltakarane.

I motsetnad til kva vi skulle tru, er det dei som er i utkanten av ritualet som er best rusta til å gjere denne refleksjonen. Kvifor? Vel, sidan dei ikkje oppheld seg i sentrum av ritualet kan dei lett gå inn og ut av ritualet, og dei får derfor god tid til å samanlikne den rituelle verda med sitt eige kvardagslege tilvære. Pasienten sine slektningar er rett og slett for opptekne og involverte til at dei kan gjere den same inngåande refleksjonen over sin eigen posisjon i samfunnet. Det same gjeld i alle fall pasienten. Dei er ute av stand til å betrakte ritualet på avstand.

Meininga bak handlinga

Dei fleste ritual blir altså gjort av ein grunn, og nokon gongar er ikkje grunnen så openberr som han kan verke ved første augekast. Ei djevelutdriving skal jo openbert jage djevelen ut av mennesket. Likevel har det singalesiske ritualet ei årsak som for utanforståande ikkje er lett å oppdage. Når vi tenkjer på å sjå ei djevelutdriving, tenkjer vi kanskje ikkje med det same på sjølvrefleksjon. Det var likevel det som var tilfelle her, i alle fall viss vi skal følgje Kapfere sin analyse.

Uansett viser dette kor viktig det er at du set deg inn i det du studerer. Du bør stille spørsmål, granske og alltid vere undrande. Ikkje ta det du ser eller høyrer for gitt. Det er nemleg ikkje sikkert at overflata viser oss alt.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Religion