Fagstoff

Nyreligiøsitet – nye måtar å forstå kristendomen på

Publisert: 02.04.2019

Dei to siste hundreåra har det vakse fram mange nye måtar å forstå kristendommen på. Desse nye kristendomsforståingane kan bli forstått som ein del av det nyreligiøse landskapet, sidan dei oppstår som reaksjon på det moderne.

Blå bok med tittelen "The Book og Mormon". Foto.Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage held Mormons bok som heilag, på lik linje med Bibelen. Boka skal ha blitt gitt til Joseph Smith av engelen Moroni. 

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage (JKK, mormonane)

JKK blei etablert i New York i 1830 av Joseph Smith, som ifølgje sjølvbiografien sin hadde fått i oppdrag av Gud å gjenopprette den sanne kyrkja i USA. I dette prosjektet inngjekk oppdaginga og utgivinga av Mormons bok, som knyter både Israels historie og Jesu liv til det amerikanske kontinentet. Etter at Smith blei drepen i 1844, utvandra mormonane frå austkysten til Salt Lake City.

Sett utanfrå er JKK eit unikt og originalt trussamfunn som kombinerer førmoderne og moderne element på ein heilt eigen måte. Profetiske leiarar, fire heilage bøker og stor vekt på kyskleik viser at JKK har røtene sine i gammal religion. På same tid blir utdanning vektlagt, og enkeltmennesket sin fridom står sentralt. Til sist skal nemnast trua på at dei døde lever vidare i ei åndeverd, og at dei levande kan la seg døype på vegne av avdøde slektningar.

Jehovas vitne

Jehovas vitne begynte som ei amerikansk bibelstudiegruppe rundt 1880. Dei som blei med, delte ei grunnleggjande tru på at Bibelen inneheld eksakt kunnskap om både fortid og framtid. Ei slik form for fundamentalisme kan karakteriserast som nyreligiøs fordi ho er ein reaksjon på eit moderne, forskingsbasert verkelegheitssyn.

Fordi Bibelen blir teken så bokstaveleg, skil vitnene seg ut på ein del område:

  • Livet i trussamfunnet og dør-til-dør-misjon blir organisert i lys av beskrivingar og påbod i Bibelen.
  • Eksklusjon (utstøyting frå trussamfunnet, sjå til dømes Andre Johannesbrev 10–11) er berre aktuelt dersom ein medlem over lengre tid nektar å tilpasse seg trussamfunnet sin teologi eller etikk.
  • Forbodet mot å innta blod er det einaste bodet frå Moselova i GT som blir opprettholdt i det første kristne trussamfunnet (Apostlenes gjerningar 15, 29). Då blodoverføring blei vanleg under første verdskrig, blei dette forbodet viktig for vitnene, både fordi det var symbolsak når dei skulle markere lydnad mot Gud, og fordi dei tok avstand frå all krigføring. Dei blei derfor behandla som desertørar, og under andre verdskrig satt mange i konsentrasjonsleirar.
  • Når Jehovas vitne ikkje feirer fødselsdagar, heng det saman med dei to bibelske forteljingane som knyter fødselsdagar til vald (sjå Første Mosebok 40 og Matteus 14).
  • Jesu fødedag (jul) er ikkje nemnd i Bibelen, og blir derfor ikkje feira. Trussamfunnet ser keisar Konstantins bestemming på 300-talet om at Jesu fødsel skulle feirast på den førkristne «Solens dag», som eit strategisk trekk for å forsterke keisarmakta.
  • Dei feirar heller ikkje politiske merkedagar som 17. mai eller FN-dagen, noko dei grunngir med at dei tilhøyrer Guds rike og ikkje ein nasjonalstat i konflikt med andre nasjonalstatar.

Murfasade med skilt som sier "Rikets sal". Foto.Forsamlingslokalet til Jehovas vitne blir kalla Rikets sal. Lokalet har ingen gudebilete eller symbol, sidan dette blir rekna som avgudsdyrking. 

På 300-talet samla keisar Konstantin alle biskopane i kyrkja for at dei skulle formulere læresetningar om treeininga og Jesus som sann Gud og sant menneske. Jehovas vitne meiner at desse dogmene ikkje stemmer med det som står i Bibelen, og at biskopane som vedtok dei, var korrupte. Dei poengterer derfor at Gud ifølgje Bibelen er éin, og at Jesus ikkje er Gud. Han er derimot ein heilt spesiell skapning, identisk med erkeengelen Mikael. Og Den heilage ande er ingen person, men eit uttrykk for Guds kraft.

Kristen vitskap

Kristen vitskap er eit trussamfunn som blei grunnlagt av Mary Baker Eddy i 1879, basert på boka hennar Vitenskap og helse (1875). Ein hovudtanke er at Jesus kombinerte kjærleik, tru og bøn med eit høgt legevitskapleg nivå. Ein annan hovudtanke er at sjukdom eigentleg er ein illusjon, og at jo meir ein trur at ein er frisk, jo meir blir illusjonen svekka. Kristen vitskap er aktiv over heile verda – i Noreg fram til siste tusenårsskifte. Tankane om tru og illusjon lever vidare i mange samanhengar, til dømes i bøker og kurs om «å tenkje positivt».

Kristensamfunnet

Kristensamfunnet er eit trussamfunn utan dogme (læresetningar), noko som betyr at ein kan bli medlem uavhengig av kva ein trur. Trussamfunnet arrangerer gudstenester og tilbyr dåp, konfirmasjon, ekteskapsinngåing og gravferd til alle som ønskjer det. Konseptet blei utarbeidd av Friedrich Rittelmeier og andre protestantiske prestar i Sveits rundt 1920.

Dei samarbeidde med Rudolf Steiner, noko som gjer at trussamfunnet ofte blir omtalt som «den antroposofiske kyrkja». Sjølv om det ikkje er ei riktig nemning, er dette likevel det einaste kristne trussamfunnet i Noreg som legg vekt på reinkarnasjon. Kristendommen blir forstått som ein mysteriereligion, og trussamfunnet representerer ei meir okkult kristendomsforståing enn kva som er vanleg.

Familieforbundet for Verdsfred og Eining

Familieforbundet er på mange måtar dagens versjon av den tidlegare Forente Familie og Einingsrørsla. Grunnleggjaren, «Pastor Moon» (d. 2012), fortel i sjølvbiografien sin at han i 1935 fekk vite i ei openberring at han var Messias. Han blei pålagt å fullføre det Messias skulle ha gjort dersom han ikkje hadde blitt drepen, nemleg å gifte seg og få barn. Fordi han var utan synd, ville barna hans også bli syndfrie, og slik skulle arvesynd erstattast av ei ny arvelinje – avhengig av at Gud fann ei verdig mor, noko som han gjorde i Hak Ja Han.

Stadion fylt med brudepar. Bannere med koreansk skrift. Foto.Massebryllup i Seoul, Sør-Korea. 

Religionen er kjend for massebryllupa sine, og har elles mange fellestrekk med både ordinær kristendom og austasiatisk religion. Det siste viser seg blant anna i ei lære om «gi-og-ta» eller balanse mellom mann og kvinne i ekteskapet (jf. yin-yang i kinesisk filosofi).