Fagstoff

Islam – estetiske uttrykk

Publisert: 02.04.2019

Fordi islam held Koranen for å vere Guds eige ord og det næraste ein kjem Gud sjølv, er resitasjon og kalligrafi dei viktigaste kunstformene. Fordi Gud er vakker, er ordet hans vakkert, og fordi ordet hans er vakkert, er det naturleg å utsmykke både bokstavane og lydane som blir brukte for å formidle Koranens ord.

Videoen under viser døme på tajwid, vakker framføring av korantekstar.

 

Bileteforbod

Islam har i utgangspunktet eit forbod mot bilete. Dette står ikkje direkte i Koranen, men det blir teke opp i fleire Hadith-tekstar. Grunngivinga for eit slikt forbod er at Gud er ufatteleg for menneske, og ein skal derfor ikkje prøve å avbilde han eller etterlikne det han har skapt.

Bileteforbodet har blitt praktisert ulikt gjennom historia og i ulike retningar. I sunniislam har ein vore mest restrektiv, og stort sett unngått å avbilde Profeten eller følgjesvennene hans, englar eller andre heilage personar. I sjia har ein vore mindre restriktive, og der har også Ali og dei andre imamane blitt avbilda. Dette forbodet har ikkje vore til hinder for ein rik kunsttradisjon innan islam.

  

Historisk skisse

Tidleg islamsk kunst skil seg i liten grad frå førislamsk arabisk kunst, men etter kvart som religionen etablerte seg så langt vest som i Spania og så langt aust som i Nord-India, både gav og mottok han impulsar som bidrog til eit stadig større kunstnarisk repertoar. Særleg møtet mellom arabisk og persisk kultur førte frå 700-talet til ei veldig kulturell utvikling. Tre konkrete døme er bruken av penn og papir, som opna for nye former for kalligrafi, kompliserte og omfattande geometriske utsmykkingar i moskear, og hagebruk.

Sufismen er ei mystisk retning innanfor islam, der ein i periodar har teke i bruk kunstnariske verkemiddel for å bli mottakelege for ein meir direkte kontakt med Gud enn når ein er i moskeen og ber. To døme er rytmisk musikk og dans. Kunsten fungerte som støtte for meditasjon og kan ikkje fullt ut karakteriserast som kunst i moderne forstand. Den sufi-kunsten som det oftast blir vist til i vår tid, er nok persiske kjærleiksdikt til Gud, skrivne av Rumi (1200-tallet) og andre.

I videoen under kan du sjå sufi-dans utført av såkalla dansande dervisjar. Dette har blitt ein turist-attraksjon i Tyrkia.

 

På 1200-talet blei også austlege delar av det muslimske storriket okkupert av mongolske hærstyrkar. Dei blei etter kvart muslimar, og det var i dei mongolske herskarane sine skriveverkstader at mange manuskript no blei illustrerte med miniatyrar. Menneska som er avbilda har mongolske andletstrekk. Dei eldste av desse miniatyrane avbildar ikkje heilage personar eller englar og bryt for så vidt ikkje med ei klassisk forståing av bileteforbodet. Etter kvart blei det likevel vanleg å avbilde Muhammad og følgjesvennane hans i historiebøker, og det finst også nokre døme på slike avbildingar i heilage tekstar.

 

Rundt 1500 blei det ottomanske imperiet grunnlagt som eit kalifat med hovudsete i Istanbul, tidlegare Konstantinopel (oppkalla etter den første kristne keisaren i Romerriket). Der låg Hagia Sofia, ei av dei største kyrkjene i kristenverda. Ho blei ikkje riven, men blei i staden modell for ein ny type moskear med store kuplar. Det ottomanske imperiet hadde god kontakt med blant anna Kina. Imperiet importerte porselen, men byrja snart å produsere sjølv, med utsmykkingar prega av aust-asiatisk estetikk.

Stort bygg med kuppel omgitt av fire spisse tårn. Park i forgrunnen. Foto.Hagia Sofia i Istanbul

Omtrent på same tid lausreiv Persia (Iran) seg frå det ottomanske imperiet og gav sjiaislam status som statsreligion. Det etablerte direkte kontakt med fleire europeiske land og tok imot impulsar som blant anna førte til forsøk med djupneperspektiv.

Sidan overgangen frå det 20. til det 21. århundret har særleg to tendensar prega islamsk kunst: For det første ei vending attende til røtene, til den gamle, autentiske kunsten frå før sovjetkommunisme og amerikansk kapitalisme influerte islam. For det andre ein meir eksperimentell og utforskande trend, som på sett og vis kan forståast som ein annan strategi, men med det same målet.

Kalligrafi og ornamentikk

Moskeane viser tydeleg eit prinsipp for islamsk kunst: Han er einskapleg. Ein ser med éin gong at dette er ein moské fordi utsmykkande tekstar er på arabisk, han er orientert mot Mekka osv. På same tid er moskeane ulike og viderefører til dels lokal byggjeskikk.

Det same gjeld dei kalligrafiske stilane: Språk og bokstavar er arabiske, men form og utsmykking gjer dei likevel ulike. Den eldste skrifttypen blir kalla kufi, han er prega av rette linjer og vinklar. Dei yngre blir gjerne kalla naskh. Mange variantar av naskh er svært dekorative.

 

Bokstavane er ikkje berre dekorative i seg sjølv, dei er også utsmykka, særleg med geometriske mønster. Desse mønstera utvikla seg i takt med matematikken elles. Då ein i enkelte miljø byrja å la slyngplanter kveile seg rundt dei tynne linjene og fylle alle opne flatar med blad og frukter, blei planteornamentikk, også kalla arabesk, etablert som ein ny utsmykkingsstil.

Forsiden av en stor moské med mye utsmykning. Foto.Moské i Kuala Lumpur, Malaysia. Her er det døme på ulike typar utsmykking: Kalligrafi, geometriske former og planteornamentikk (arabesker). 

Det finst mange teoriar om kvifor matematikk står så sentralt i islamsk kunst. Ei openberr grunngiving er at geometriske former kan vere vakre og derfor korresponderer med Gud og skaparverket hans, som også er vakre. I tillegg vil mange peike på at matematikk er eit uttrykk for lovmessigheit. Gud står bak naturlovene, som best kan beskrivast ved hjelp av matematikk. Islamsk kunst avbildar altså verken Gud eller det Gud har skapt. Han er meir abstrakt eller symbolsk, i det han viser til grunnleggjande prinsipp for Guds verksemd.

Biletbruk i islam

Sjølv om biletforbodet står sentralt i islam, finn vi ein del unntak. Eit døme er allereie nemnt i avsnittet om mongolane ovanfor. Blant sjiamuslimar i Iran i dag er det vanleg med plakatar som viser portrett av Muhammad (ofte med ei bok), Ali (ofte med eit sverd) og Hussein (ofte representert ved hesten hans med tom sal).

En rekke av tolv menn iført røde kapper og grønne hodeplagg. To større portretter oppe til høyre og venstre. Over mennene svever to engler. Englene og mannen lengst til venstre har strålende lys i stedet for ansikt. Maleri.Denne plakaten viser dei tolv imamane, som ifølgje tolversekta i sjiaislam er dei rettmessige etterfølgjarane av Muhammad. I sentrum sit Ali, som var den første i imam-rekkja. Til venstre sit "den skjulte imamen" som skal vise seg ved Dommedag.

 

Viktige omgrep:

  • tajwid
  • kalligrafi
  • sufisme
  • dervisjer
  • arabesk