Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fokusgruppeintervju om norsk kultur

I denne oppgåva får du eit praktisk arbeidsoppdrag! Du skal finne ut kva folk assosierer og tenkjer om norsk kultur. Det skal du gjere gjennom å gjere fokusgruppeintervju, du skal arbeide med og analysere dataa dine, og til slutt presentere funna dine.
Gruppe mennesker som holder ark med spørsmålstegn foran ansikt. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag: fokusgrupper norsk kultur.

Arbeidsoppdraget kan gjennomførast individuelt, men det passar godt som gruppearbeid. Målet med arbeidsoppdraget er å lære noko om både metode og norsk kultur. Sjølv om du ikkje gjennomfører ein fullstendig analyse, får du ei innføring i dei ulike fasane i fokusgruppeintervju som metode.
Dette arbeidsoppdraget tar utgangspunkt i "Lathund för fokusgruppanvändare", (Wibeck 2000,130-132).Du kan lese meir om fokusgrupper i fagstoffartikkelen Fokusgrupper og fokusgruppeintervju.

Før du går i gang:

  • Norsk kultur er eit vidt tema. Formuler nokre forskingsspørsmål eller ein hypotese. Ver konkret og tydeleg på kva du ønskjer få vite noko om.
  • Lag ei tidsramme for dei ulike fasane i arbeidsoppdraget: planlegging/førebuing, gjennomføring av intervjua, arbeid med data og presentasjon av funn. Viss de jobbar i gruppe: avklar ansvarsområde.
  • Skal intervjuet ditt vere strukturert eller ustrukturert? Lag ein intervjuguide.
  • Skal det vere ei eller fleire grupper? Kor mange deltakarar treng du til gruppa/gruppene, og korleis skal du rekruttere deltakarar?
  • Korleis skal samansetjinga av deltakarar vere for at du skal få belyst forskingsspørsmåla dine best mogleg?
  • Når du har funne deltakarar: avtal tid og stad. Vel om du skal ta notat, spele inn lydfil, eller kanskje kombinere dette.

Når du gjer intervjuet:

  • Kontroller at alt utstyr fungerer. Det er fint om deltakarane er plasserte slik at alle ser og høyrer kvarandre.
  • Ønsk deltakarane velkomne, og hugs å takke dei for at dei kan delta! Forklar kva som skal skje, kva som er tema og kva spørsmåla handlar om. Ver tydeleg på at alle synspunkt er velkomne, og at deltakarane skal snakke med kvarandre, ikkje med deg. Du leiar samtalen, men har ei passiv rolle utover det. Det er deira meiningar, tankar og refleksjonar du "samlar inn", ikkje dine eigne!
  • Følg med at alle får snakke, det kan vere nødvendig å styre samtalen slik at alle får delta.

Etter gjennomføring av fokusgruppeintervjuet:

  • Datamaterialet må arbeidast med, fortrinnsvis gjennom å transkribere intervjuet.
  • Analyse av funna (dataa): Er det noko som går igjen i utsegnene frå deltakarane? Er det noko som skil seg ut? Forsøk å lage "bolkar" som samanfattar og skil dei ulike meiningane som er kome til uttrykk. Er det noko form for mønster som trer fram, som seier noko om norsk kultur og som er med på å svare på forskingsspørsmåla/hypotesen din?
  • Evaluer gjennomføringa av arbeidsoppdraget i form av eigenvurdering, og vurder også om du har vareteke etiske retningslinjer undervegs. Ta med kva du tenkjer om validitet, reliabilitet og generaliserbarheit når du jobbar med fokusgrupper.
  • Presenter funna dine, enten som ein munnleg presentasjon eller ein skriftleg rapport. Kva fann du ut? Ta med eigenvurderinga, eller ein kortversjon av ho.

Nyttige omgrep når du skal presentere funna dine, avhengig av forskingsspørsmål/hypotese:

  • kultur, subkultur, delkultur, hovudkultur, majoritetskultur
  • kulturell identitet, multikulturell
  • etnosentrisme, kulturrelativisme, stereotypiar

Litteraturliste


Wibeck, Victoria (2000): Fokusgrupper. Lund: Studentlitteratur.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kulturomgrepet