Hopp til innhald

Fagstoff

Sjamanar og hekser

Når vi snakkar om religion og tru, så kjem vi ikkje utanom dei som har spesielle roller i religionane. Det er personar som utfører ritual eller som på eit eller anna vis kan kome i kontakt med "den andre sida". Kjem du på nokre personar som har denne typen roller?
Et fotografi av en tuvinsk sjaman.

Når ein reiser rundt i verda vil ein som regel støyte på ei eller anna form for religiøs tru, og i dei fleste religionar finst det spesielle personar som har spesielle oppgåver. Det er her snakk om personane som kan utføre ritual, bidra med sjelesorg og kontakte "den andre sida".

I skriftlause religionar, som antropologar stort sett studerer, har kommunikasjonen med "den andre sida" ofte vist seg å vere ein viktig del av den religiøse praksisen, anten det no har skjedd gjennom transe, ekstase eller bøn.

Det som er spesielt med desse personane, er at dei har ei dobbelttydig rolle. Befolkninga går til dei når dei treng hjelp, men nokon gonger er forholdet til dei prega av frykt. Vi veit aldri om dei vil vende seg mot oss.

Frykta eller ikkje, så har dei religiøse leiarane viktige funksjonar i samfunnet. Dei hjelper befolkninga med problema sine, noko vi skal ta ein titt på no.

Sjamanen

I enkelte samfunn er sjamanen den religiøse leiaren. Innbyggjarane oppsøker han når dei treng hjelp, og det finst nesten ikkje grenser for kva ein sjaman kan hjelpe deg med. Det kan vere alt frå fødslar og læking, til jaktlykke. Eller så ønskjer dei kanskje hjelp med saker av meir privat art, til dømes problem med svigermor.

For å hjelpe dei, må sjamanen gå inn i ein transe og komme i kontakt med åndeverda. Der kan han spørje om råd og få svar på kva som gjerast.

For å oppnå transen tar mange sjamanar i bruk hallusinogen (rusmiddel). Hos yanomamöane, som vi har vore innom i ein annan tekst, brukar sjamanen det narkotiske stoffet ebene for oppnå den ønska verknaden.

I sjamanistiske religionar er det altså ikkje uvanleg at den religiøse leiaren har funksjonar knytt til kvardagen sine store og små hendingar. Dei er ofte “the go-to guy” når noko skal gjerast eller fiksast.

Et fotografi av en kvinnelig sjaman som utfører et medisinsk ritual.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hekseri

Det er heller ikkje uvanleg at samfunn som antropologar er interesserte i, også har ei stor tru på hekser.

I likskap med sjamanar er hekser også frykta. Forskjellen er at heksene ikkje fører noko godt med seg. Dei får snarare skulda for mykje av det gale som skjer i samfunnet. Men det betyr ikkje at heksene nødvendigvis meiner noko vondt med handlingane sine. Det er slettes ikkje sikkert at dei ønskjer å skade nokon. I fleire samfunn veit ikkje heksene eingong at dei er hekser! Hos azandene i Sør-Sudan går heksekunsten føre seg om natta - mens heksene søv. Dei er rett og slett uvitande om heile seansen.

Dette speglar antropologien sitt syn på fenomenet, der heksene sin vondskap blir tillagt ei ibuande kraft som har tatt bustad i dei. Hos dei nemnte azandene har heksene – heilt uforskyldt – fått ein fysisk substans i magen, og det er den som er rota til vondskapen. Så når ei mistenkt heks frå azande-samfunnet døyr, skjer dei opp magen for å bekrefte eller avkrefte mistankane.

Skuldingar og straff

Vi har no sett at hekser ikkje alltid er klar over at dei er hekser. Dei veit heller ikkje at dei gjer vonde handlingar. Sjølv om heksene stort sett er uvitande om kreftene som bur i dei, så hender det meir enn ofte at personar blir skulda for å ha utøvt heksekunstar. I dei samfunna der heksekunst er ein realitet, har dei også utvikla rutinar for korleis bevise eller motbevise at den skulda er ei heks.

Tenk over

Kva trur du straffa for å vere ei heks kan vere?

Sidan hekser ofte får skulda for andre sine ulykker, er det heller ikkje urimelig å gå ut frå at straffene er ganske harde. Viss ein person blir funne skuldig i å vere ei heks, kan utfallet bli katastrofalt. I mange tilfelle blir hekser straffa med døden eller forvising. Det er ikkje på nokon måte snakk om å lækje dei skuldige, for hekser blir stort sett rekna for å vere ulækjelege, og då kan dei ikkje bli verande i samfunnet.

Et fotografi av tre døde kropper under et teppe.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heksene sin funksjon

Tenk over

Kva trur du heksene sine funksjonar er?

I enkelte samfunn kan hekser altså vere heilt reelle. For samfunnsmedlemmane er heksene like verkelege som bussen du tar til skulen. Når det er sagt, er det viktig å peike på at trua på hekser ikkje eksisterer utan ein grunn. Heksene har ofte ein funksjon.

Nokre forskarar har hevda at heksene fungerer som ein “sikkerheitsventil”. I samfunn der det eksisterer mange konfliktar kan det vere vanskeleg å endre på den underliggjande årsaka til at problema eksisterer, til dømes korleis makta er fordelt. Då er det lettare å skulde på hekser. På den måten får ein ei forklaring på problemet. I tillegg kan det vere lettare å fjerne ei heks enn å endre maktstrukturen i eit samfunn. Det er nok ikkje utan grunn at høvdingar og leiarar svært sjeldan blir klaga for å vere hekser.

Andre har på si side peikt på at heksene kan vere med på å forklare alt det uforklarlege og underlege som skjer i kvardagen: “Kvifor mista eg nettopp to kyr utanfor eit stup dei aldri bruker å gå til? Det må vere heksekunster i spel!"

Det kan og vere misunning, sjalusi og hemn som er årsak til at enkelte blir klaga for å vere hekser. Det treng ikkje stikke djupare enn det.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Religion