Fagstoff

Jødedommen – skrifter

Publisert: 20.02.2019

Trudde du dei heilage skriftene i jødedommen bestod berre av ei bok som tilsvarer Det gamle testamentet i Bibelen? Jødedommen har ein rik teksttradisjon som består av mykje meir enn Den hebraiske bibelen, Tanakh.

Ulike bøker ligger i bokhylle. Hebraisk tekst. Foto.  

Tanakh

Skriftene i Tanakh blei skrivne ned på hebraisk over ein periode på fleire hundre år og baserte seg på ein eldgammal munnleg tradisjon. Innhaldet blei endeleg bestemt, kanonisert, rundt 100 e.Kr. Akronymet Ta-Na-Kh er ei fellesnemning for tekstsamlingane:

  • Ta - Tora, som er Mosebøkene
  • Na - Neviim, som er Profetane
  • Kh - Ketuvim, som er Skriftene

Tanakh fortel om jødisk lov, tradisjon og etikk frå Adam og Eva til dei siste hundreåra før vår tidsrekning. Skriftene i Tanakh finn vi att i den første delen av den kristne bibelen, Det gamle testamentet, men i ei litt anna rekkjefølgje. Tanakh og Det gamle testamentet blir gjerne kalla for Den hebraiske bibelen, sidan skriftene opphaveleg blei skrivne på hebraisk.

Det finst inga eiga jødisk omsetjing av Tanakh til norsk, så dei kristne omsetjingane av Det gamle testamentet er det beste alternativet viss ein vil studere tekstane på norsk, sjølv om ein del jødar nok ikkje alltid vil vere einige i korleis tekstane er omsett.

Toraen er den heilagste teksten i jødedommen. Han skal ha blitt gitt av Gud til Moses på Sinai-fjellet etter flukta frå Egypt. I synagogane blir det lese frå torarullane under gudstenesta, sabbaten. Desse torarullane blir oppbevarte i eit spesielt skap, og er dei heilagste gjenstandane i jødedommen.

Åpent Tora skap med Tora ruller. Foto.Toraen som blir brukt i synagogen er skriven på pergamentrullar som blir oppbevarte i eit eige skap. Når ein studerer Toraen utanfor synagogen, bruker ein ei utgåve i bokform. Toraen i synagogen er berre på hebraisk, men bokutgåva har ofte omsetjing og kommentarer i tillegg til den hebraiske originalteksten.

Toraen legg grunnlaget for verdsbiletet, identiteten og etikken til jødane. Hovudbodskapen er tilbedinga av den eine Gud, og at jødane har ei særskilt forplikting til å halde lovene som er gitt i Toraen. Det er litt ulik oppfatning om det er slik at dei to andre delane av Tanakh (Neviim og Ketuvim) er direkte gitte av Gud eller om dei er inspirerte av Gud.

Ordet Tora betyr lære, og derfor blir det også nokre gonger brukt i ei meir generell betyding, og ikkje berre som eit namn på Mosebøkene. Tora kan brukast om heile Tanakh, og ein kan også snakke om den skriftlege og den munnlege Tora. “Den skriftlege Tora” refererer då til Mosebøkene, mens “Den munnlege Tora” refererer til Talmud.

Talmud

Etter øydelegginga av tempelet i år 70 e.Kr. oppstår det eit behov for tolking av dei heilage skriftene. Jødane må tilpasse seg ein helt ny situasjon utan tempelet, sentrert rundt synagogane. Ekspertar på lovene, rabbinarane, blei no meir sentrale, og tempelprestane mister mykje av funksjonen sin.

Dei neste hundreåra følgde eit omfattande arbeid med å systematisere og tolke dei religiøse lovene, halakha. Dette var i byrjinga ein munnleg tradisjon, men blei samla i Mishna rundt 200 e.Kr. Vidare diskusjonar og kommentarar til Mishna blei seinare samla i Gemara. Mishna og Gemara utgjer til saman Talmud, eller Den munnlege Tora.

Talmud er eit svært omfattande verk og blir rekna som ei vidareføring av Tanakh. Talmud tek opp alle sider ved eit jødisk religiøst liv, og er i praksis på mange måtar viktigare enn Tanakh for jødane i dag.

Oppslått bok med hebraisk skrift. Sidene er inndelt i ulike kolonner og tekstbokser. En hånd ligger på boken. Pekefingeren følger teksten. Foto.Å lese i Talmud er ganske komplisert. Midt på sida finn ein mishna-teksten på hebraisk. Rundt denne er det ulike kommentarar. Kommentarane er gjerne skrivne på andre språk og kjem frå ulike tidsperiodar. 

Siddur

Siddur er ei jødisk bønebok som blir brukt både i synagogen og i heimen. Her finn ein faste bøner, salmar, vers og rituelle tekstar som blir brukte i ulike anledningar. Her finn ein blant anna bøna Shema, Israel! (Høyr, Israel!), som også blir rekna som ei jødisk truvedkjenning og som blir brukt i dagleg bøn. Dei første linjene er henta frå 5. Mosebok, og blir gjerne omsett slik:

Høyr, Israel! Herren er vår Gud. Herren er éin. (5. Mos 6, 4)

 

Viktige omgrep

  • Tanakh
  • Tora
  • Neviim
  • Ketuvim
  • Den skriftlege Tora
  • Den munnlege Tora
  • Talmud
  • Mishna
  • Gemara
  • Halakha
  • Siddur