Hopp til innhald

Fagstoff

Verdien av arbeid

Du vil truleg bruke store delar av livet ditt på arbeid. Ved sida av lønn har samarbeid med andre og korleis du sjølv opplever arbeidet, mykje å seie. Det er viktig at du startar prosessen mot eit sjølvstendig yrkesval allereie no.
Ansatte på bakeri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du tenkt på at du truleg vil bruke ein tredel av livet ditt på arbeid? Det er mykje, tenkjer du kanskje. Sidan arbeidslivet vil vere ein sentral del av livet ditt i framtida, vil det vere rimeleg å starte prosessen med å finne ei utdanning og eit arbeid som er lønnsamt, og som ein kan trivast i.

Eit interessant arbeid vil kunne gi deg nye venner og gode arbeidskollegaer. Du blir ein del av ein fellesskap. Det vil også gi deg ei inntekt å leve av. Og når du lykkast i jobben, gir det deg auka sjølvkjensle. Mange fortel at det verste med å vere arbeidslaus er å vere utestengd frå ein jobbfellesskap.

Verdien av arbeid kan kan ein sjå frå ulike vinklar. Reint teknisk kan vi måle arbeidsbidraget ditt i kor mykje det utgjer av bruttonasjonalproduktet i landet (BNP). I praksis vil arbeidet ditt bli vurdert ut frå kor verdifullt det er for landet som heilskap. Viktigare for deg er kanskje korleis du sjølv opplever det å vere i arbeid, og kor meiningsfullt du kjenner det i det daglege. Slik sett handlar arbeidslivet ikkje berre om lønnsvilkår og aksjeutbytte, men også om korleis vi sjølve opplever verdien av å vere i arbeidslivet og finn meining i sjølve jobben.

Mange vil meine at verdien av det arbeidet du utfører, syner seg i den lønna du får. Men så enkelt er det ikkje. Det finst fotballspelarar som tener meir enn 50 millionar i året, mens ein bussjåfør kanskje må klare seg med 350 000. Synst du det er rimeleg? Lønna blir i mange tilfelle fastsett etter kor etterspurd du er, ikkje etter kor viktig arbeidet ditt er.

For din eigen del vil det vere viktig å finne ein jobb du trivst i, og som gir meining for deg. Jobben blir ikkje mindre meiningsfull om han er bra betalt, men høg lønn er ikkje nokon føresetnad for meining. Nokre menneske vel jobbar som kan vere dårleg betalte eller farlege, til dømes i Leger uten grenser, der dei set seg sjølve i livsfare for å hjelpe andre og redde liv. Kvifor trur du dei har valt ein slik arbeidsplass?

Vel er vi alle utstyrte med ulike talent, erfaringar og kompetanse. Å finne eit yrke som gir meining og ei akseptabel inntekt, er noko vi alle må hanskast med. Noko må vi ha å leve av, og arbeidet kan i seg sjølv vere ein meiningsfull arena i vaksenlivet.

Relatert innhald

Å vere i jobb gir oss inntekt og økonomisk tryggleik. Tilværet blir tryggare og meir føreseieleg når vi har eit arbeid å gå til.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 04.07.2017

Læringsressursar

Arbeid