Hopp til innhald

Fagstoff

Kognatiske slektskapssystem

Vi kan finne ulike slektskapssystem overalt, og antropologar har ofte vanka i det vi kallar for tradisjonelle samfunn. Likevel finst det system vi ikkje treng å reise så langt for å undersøkje. Kognatiske system, eller bilaterale system, er døme på slike.
Et fotografi av mor, far og barn.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både mor og far

Der patrilineære og matrilineære system reknar slekta gjennom høvesvis farslinja og morslinja, blir slekta i kognatiske system rekna gjennom både mors- og farssida. Vanlegvis blir verken den eine eller andre sida favorisert.

Vi treng ikkje å reise langt for å finne denne typen slektskapssystem. I Noreg reknar vi slekta gjennom kognatisk, eller såkalla bilateral, avstamming. I tillegg bruker vi dei same omgrepa om slektningar på begge sider. Det speler inga rolle om det er snakk om ein onkel frå mors- eller farssida. Vi bruker det same ordet uansett.

Når det er sagt, skal vi ikkje så altfor langt tilbake i tid før vi finn døme på rettar og symbol som favoriserte farslinja. Barnet fikk ofte etternamnet til faren, og sonen fekk odelsretten til eventuelle gardar. I dag er ikkje dette like tydeleg. Barnet kan få mor sitt etternamn, og odelen kan bli gitt til både gutar og jenter.

I tillegg til å sjå på medlemmar frå både mors- og farssida som slektningar, har kognatiske system altså ofte den konsekvensen at både kvinner og menn kan overta rettar frå begge sider av slekta.

Slekta blir fordobla

Kognatiske slektskapssystem kan faktisk også skape litt kaos. For kva trur du skjer med familietreet når det kjem ein ny generasjon til verda? Kvar gong slekta blir utvida med ein generasjon, vil ho sjølvsagt bli fordobla. Det er eit naturleg resultat av å rekne slekta på begge sider. Berre tenk etter sjølv. Vi har fire besteforeldre, åtte oldeforeldre og så vidare. Jo lengre bak i tid du går, og jo fleire medlemmar slekta består av, jo vanskelegare blir det å ha kontroll på kven som er kven.

Lojalitetsband?

Bortsett frå å fordele arverett og liknande likt på begge sider av slekta, kan ein diskutere kor «lønsamt» eit kognatisk system eigentleg er. Spesielt viss vi tenkjer at slekta skal organiserast som ei gruppe som kjempar saman med deg mot eventuelle farar.

Nuarane, som vi har vore innom i ein annan tekst, reknar slekta gjennom eit patrilineært system. Sidan dei prioriterer og definerer seg gjennom farslinja, gjer det også arbeidet med å ha oversikt over kven ein er nært i slekt med, lettare. I tillegg blir det enklare å systematisk organisere slektsgruppa, viss ein behøver støtte mot utanforståande eller fjerne slektningar.

I kognatiske system blir dette arbeidet vanskeleg, mykje fordi dei du sjølv er i slekt med, har slektningar som du ikkje er i slekt med. Lojaliteten er med andre ord ikkje tydeleg avgrensa. Den er spreidd til fleire slektsgrupper enn di eiga.

Dette høyrest jo veldig kynisk og bastant ut. Vi skal sjølvsagt ikkje sjå bort frå at ei slik form for organisering er mogleg i kognatiske samfunn. Det finst utan tvil fleire døme på at slektningar hjelper kvarandre, noko du sjølv sikkert har opplevd. Hos nuarane er dette likevel ein meir innarbeidd måte å løyse konfliktar på.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar