Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel

Både tavler, digitale presentasjonsverktøy, filmsnuttar og musikk kan vere gode hjelpemiddel i ein presentasjon.
Kvinne på en scene holder en PechaKucha-presentasjon. Foto

Hjelp for deg – og for tilhøyrarane

Når du får brukt skrift, teikningar og bilete som støtte for det du seier, skaper du variasjon i framføringa. Lysbilete fungerer dessuten som ei utmerkt hjelp til å hugse.

Tavle

  • Både flipover, krittavle og digital tavle kan du bruke til å notere stikkord undervegs. Her kan du òg improvisere og ta opp innspel frå publikum.
  • Pass på at du ikkje blir ståande og snakke med ryggen til publikum medan du skriv på tavla. Då blir det vanskeleg å høyre kva du seier.
  • Skriv stikkord, elles kan det bli for lange pausar og tilhøyrarane kan miste konsentrasjonen.

PowerPoint og andre presentasjonverktøy

  • Lag eit manus før du begynner med lysbileta, og bygg opp lysbileta etter hovudpoenga i manuset.
  • Bruk få ord på kvart lysbilete og bruk nøkkelord, ikkje heile setningar. Unntak er (korte) sitat.
  • Bruk så få lysbilete som mogleg.
  • Detaljinformasjon gir du munnleg.
  • Skrifta skal vere tydeleg og stor nok, med god kontrast mellom skrift og bakgrunn. Bruk til dømes skriftstorleik 36 punkt, og fontar som Helvetica, Arial, Verdana eller Gill Sans MT.
  • Finn bilete som illustrerer poenga dine. Hugs å oppgi kjelda du har henta bileta frå!
  • Bruk enkel og gjennomført design. Unngå effektar og overgangar, dei berre forstyrrar.
  • Unngå musikk medan du snakkar. Det kan gjere det vanskeleg for tilhøyrarane å konsentrere seg om det du seier. Men skal du vise ein rein biletserie, kan det passe godt med musikk til.
  • Vis gjerne ein filmsnutt dersom han støttar godt opp om det du seier. Pass likevel på at snutten er kort. Det er du som skal ha hovudrolla i presentasjonen!

Visste du...

at hjelpemidla som du nettopp har lese om, blir kalla audiovisuelle hjelpemiddel? Ordet audiovisuell er sett saman av "audio" (latin for "eg høyrer") og "visuell" ( latin "som har med synet å gjere"). Audiovisuelle hjelpemiddel forsterkar bodskapen din ved hjelp av lyd og bilete.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag