Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ekteskap i ulike kulturar – etnosentrisk eller kulturrelativistisk blikk?

Føresetnadane for og funksjonar knytte til ekteskap, varierer i ulike kulturar. Det kan vere utfordrande å drøfte og forstå bakgrunnen for andre sine normer, verdiar og haldningar.
Hender med smykke, dekor og handmåla henna tatoveringer. Foto.

Det er to omgrep som er nyttige å ha i mente før du går i gang med drøftingsoppgåva.

  • Etnosentrisme: når vi bruker vår eigen kultur som målestokk for å vurdere andre sin kultur, og vi oppfattar våre eigne verdiar og haldningar som dei "beste og rette".
  • Kulturrelativisme: å sjå andre sin kultur ut frå deira eigne premissar. Utsegner, handlingar og fenomen i ein spesifikk kultur må forståast i forhold til sin eigen kontekst og samanheng.

Viss vi berre drøftar ut frå vår eigen kulturelle ståstad, ser vi og forstår vi neppe at andre menneske kan sjå heilt annleis på verda enn vi gjer sjølve. På den andre sida: Har vi eit reint kulturrelativistisk syn, blir vi kanskje ute av stand til å ta moralske eller etiske standpunkt.

Når du skal løyse oppgåva under, får du bruk for begge omgrepa.

Sjå klippet med Nazish Khan før du går i gang med oppgåva.

Oppgåve

Sit i par eller grupper på 4 elever. På kvart kort får de ein påstand som de skal ta stilling til. Den eine eller to av gruppemedlemmane skal argumentere for påstanden (vere einig), den andre/de to andre gruppemedlemmane skal argumentere mot påstanden (vere ueinig). Bruk 10 minutt, og noter deretter ned dei viktigaste argumenta for/imot på et ark. Snu deretter kortet.

I denne oppgåva er det ingen "fasit-svar", målet er å kunne argumentere med ulike ståstader og reflektere over argumentasjonen.


CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar