Hopp til innhald

Fagstoff

Ekteskap

Vielse i norsk kirke. Likekjønnet ekteskap. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekteskap, giftarmål, er ei samfunnsordning som legaliserer samlivet mellom vaksne personar, gir juridiske rettar til barna og dannar ei regulerande ramme om familielivet.

Lovgjeving

Ekteskapsloven gir regler for kven som kan gifte seg i Noreg. Hovudprinsippa er at to personar kan gifte seg, og dei må vere fylt 18 år. Ein kan ikkje gifte seg om det ikkje er av fri vilje. Det er heller ikkje mogleg for tre eller fleire personar å gifte seg. Dei som giftar seg blir økonomisk ansvarlege overfor kvarandre.

Tradisjonelt har ekteskapet dreia seg om mann og kvinne, men fleire vestlege land har også opna for ekteskap mellom personar av same kjønn. I Noreg skjedde dette først med partnarskapsloven i 1993. Etter ei lovendring som trådde i kraft 1. januar 2009, kan to personar av same kjønn inngå ekteskap. Dette erstatta ordninga med partnarskap. Med verknad frå 1. februar 2017 har Den norske kyrkja vedteke ein ny vigsleliturgi for likekjønna vigsel.

Seremoni og ekteskapet sine funksjonar

Ekteskapsinngåingar har alltid vore seremonielt markert. Ved seremoniane, som gjerne har vore leidd av ein prest, ein fogd eller ein annan representant for storsamfunnet, har ikkje berre dei framtidige ektefolka delteke, men også representantar for slektene deira.

Dette symboliserer at ekteskapet er meir enn ein kontrakt mellom dei to, det er ein institusjon med viktige funksjonar både for samfunnet og den enkelte.

Blant desse funksjonane er det vanleg å trekkje fram reguleringa av arbeidsforhold, økonomiske og juridiske rettar og plikter mellom ektefellene, og reguleringa av seksualitet og av dei sosiale oppvekstvilkåra for nye generasjonar.

Historikk

Etter kvart som tida har gått, har ekteskapet skifta karakter i ei tilpassing til samfunnsforholda elles. I vikingtida i Noreg var ekteskapet først og fremst ei slektssak. I katolsk tid fekk det karakter av sakrament og blei grunna med religiøse førebilete.

Etter reformasjonen har det fått ei meir ikkje-religiøs institusjonell ramme. I den seinaste tida har utviklinga gått i retning av kontraktuelle former med eit innhald som er tilpassa partane.

Historisk sett er det ei forholdsvis ny norm at ekteskapet hovudsakleg skal baserast på romantisk kjærleik og vere eit val for partane meir enn for foreldra, og i mange samfunn er framleis arrangerte ekteskap, det vil seie ekteskap avtalt av partane sine familiar, det vanlege.

Arrangerte ekteskap skjer nok oftast med dei komande ektefellane sine samtykke, men det førekjem også ulike grader av press og tvang. Då kallar vi det tvangsekteskap. Det kan gi seg dramatiske utslag blant innvandrarar i Vesten, der dei unge kjem mellom tradisjonane frå heimlandet til foreldra og dei normene som gjeld der dei bur.

Denne utviklinga bør ikkje berre bli forstått som ei individuell lausriving frå krava i samfunnet. Individualiseringa er også eit svar på ein endra sosial situasjon, ettersom også andre samfunnsinstitusjonar tek seg av mange av dei tidlegare oppgåvene til familien når det gjeld produksjon, opplæring av barna og omsorg for sjuke og gamle.

Det finst fleire teoriar og mange undersøkingar som har teke sikte på å kaste lys over ekteskapet sin status og endringane dei seinare åra. Ein del forklaringar har lagt vekt på kulturelle førebilete og på moralske endringar, andre på endringar innan økonomi og velferdspolitikk. Fleire har trekt fram endringane i kvinnene si stilling, både når det gjeld utdanning, inntektsmoglegheiter og sjølvbevisstheit.

Kilde:
Skirbekk, S. & Kjølsrød, L. (2017, 13. november). Ekteskap. I Store norske leksikon. Hentet 1. november 2018 fra https://snl.no/ekteskap.

CC BY-SASkrive av Sigurd Skirbekk og Lise Kjølsrød. Rettshavar: Store norske leksikon
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar