Hopp til innhald

Fagstoff

Arv og suksesjon

Familie og slekt har ofte spelt ei viktig rolle i dei samfunna antropologar har vore interesserte i. I denne teksten skal vi sjå nærmare på to omgrep som handlar om overføring av gruppemedlemskap og rettar.
To hender som samlar inn sedlar og myntar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arv

Kvart samfunn har sine reglar for kven som skal få kva når nokon døyr. Det finst ingen universelle reglar for korleis det skal gå føre seg. Likevel er det nokre prosessar som går igjen, og ein av desse kjenner vi igjen frå vårt eige samfunn, nemleg arv.

Arv handlar i store trekk om overføring av materiell eigedom frå ein person til ein annan person. Det kan vere alt frå pengar til veteranbilar, frå ein yamsåker til rituelle klede – alt er avhengig av kva for samfunn det er snakk om. For vi må ikkje gå ut ifrå at arv berre handlar om pengar, sjølv om det er det vi er vande med frå samfunnet vårt. Kva som blir arva, vil i aller høgste grad variere frå samfunn til samfunn.

Det finst heller ingen fasit for kven som skal arve kva. I nokre samfunn blir arven overført gjennom såkalla primogenitur. Det betyr at den eldste sonen arvar mest. Eller den eldste broren, avhengig av kven den eldste attlevande familiemedlemmen er.

Andre samfunn opererer med det vi kallar for ultimogenitur. Dette er det motsette av primogenitur, kor den yngste sonen arvar mest. Her kan den samiske reindrifta fungere som eit døme, der den yngste står fremst i arverekkja.

Det vi no har lese om, dreier seg hovudsakleg om menn sin arverett. Det finst døme der kjønna er meir likestilte, men i dei samfunna der eitt kjønn blir prioritert, er det ofte gutane som er i førarsetet.

Når det er sagt, må vi nemne at vi sjølvsagt har samfunn der arveretten har gått frå å berre prioritere menn til å likestille kjønna. Vi treng ikkje å sjå lenger enn til vårt eige land og odelsretten. Her blei mannlege søsken lenge prioritert, men i dag er kjønna likestilte, og kvinner kan òg vere ein del av odelsrekkja. Arvesystem er med andre ord ikkje statiske. Det er ingenting som tilseier at systema ikkje kan endrast, noko som også betyr at kultur er eit dynamisk fenomen. Det endrar seg i takt med tida.

Ein kvinnelig bonde som trillar ei trillebår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om desse døma stort sett handlar om slekters gang, er det ingen regel som seier at arvepraksisen skal følgje avstammingsprinsippet. I nokre samfunn er det heilt opp til den “avdøde” å bestemme kven som skal få arven, og det treng slett ikkje vere ein familiemedlem.

Suksesjon

Der arv handlar om overføring av materiell eigedom, dreier suksesjon seg om overføring av verv og rettar. I motsetning til arv, så er suksesjon oftare knytt saman med avstammingsprinsippet. Altså at ein familiemedlem overtek vervet, eller rettane, til den avdøde.

I Noreg er monarkiet det mest tydelege og openberre dømet på suksesjon. Når monarken døyr, tek det eldste barnet opp stafettpinnen og fører vervet vidare.

Sjølv om suksesjon ofte er knytt til familie og slekt, i mykje større grad enn arv, er det likevel ikkje ein regel som seier at suksesjon må skje i slekta. Vi har fleire døme på at ulike verv blir peika ut, og då er det ikkje nødvendigvis familien til den avdøde som står i fremste rekkje. Nedanfor skal vi sjå nærmare på eit samfunn der ei slik utveljing skjer.

Yanomamöene

Yanomamöene er eit urfolk som lever i Amazonas. Nærmare bestemt i grenseområda mellom Brasil og Venezuela. Yanomamöene lever som og lever i små landsbyar der alle er i slekt med kvarandre.

To yanomamö-barn i Brasil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I likskap med mange andre samfunn har også yanomamöane personar i sentrale posisjonar. I ein yanomamölandsby speler høvdingen og sjamanen viktige roller. I dette dømet skal vi ta ein nærmare kikk på sjamanen.

Sjamanen er yanomamöane sin religiøse leiar og har evner som ingen andre i samfunnet har. Han, og det er alltid ein han, kan til dømes kurere sjukdommar og fortelje kvar det er best å jakte. Dette er noko eit kvart samfunn er avhengig av. I tillegg har sjamanen kontakt med åndeverda og kontrollerer demonar som han kan sende etter fiendane sine. Dette betyr at sjølv om han er ein viktig person, er han også frykta i samfunnet. Kven veit når ein av sjamanen sine demonar kan slå til?

For å hjelpe innbyggjarane i landsbyen, må han ofte gå inn i ein religiøs transe der han kjem i kontakt med verda til åndene. Det skjer blant anna ved hjelp av det narkotiske stoffet ebene. I transen, som kan vare i opptil fleire timar, får han besøk av ulike vesen som fortel han det han treng å vite. Det kan handle om alt frå sjukdommar til jaktområde. Vel ut av transen har han som regel eit svar på problemet eller spørsmålet.

Vi ser at sjamanen har spesielle evner, og ein skulle tru at dette er evner som går att i familien – at det er snakk om éin spesiell familie som har ferdigheiter og kunnskapar som ingen andre har, men det er ikkje tilfelle. Hos yanomamöane blir sjamanane peika ut. Suksesjonen avviker med andre ord frå avstammingsprinsippet. Det er ikkje som eit monarki, der etterfølgjaren er i slekt med den som tidlegare hadde vervet. For å bli peika ut som sjamanen sin etterfølgjar, må ein vise ekstraordinære ferdigheiter. Så sjølv om suksesjonen ikkje følgjer noko slektslinje, er ikkje vervet for kven som helst.

Litteraturliste

Eriksen, T. H. (2004) Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar