Fagstoff

Spelefilm

Publisert: 03.09.2009, Oppdatert: 03.03.2017
Filmplakat til filmen City of Angels. Foto.City of Angels  

Fiksjonsfilm

Det vi kallar spelefilmar er vanlegvis lengre fiksjonsfilmar som byggjer på eit filmmanus med detaljerte scenetilvisingar (på fagspråket blir det kalla dreiebok). Skodespelarane seier fram ferdige replikkar, samtidig som dei følgjer instruksjonane til regissøren.

Komposisjon: plott og dramaturgi

Det vi får sjå i filmen er ikkje heile historia, men utvalde personar, scener og hendingar. Dei utvalde hendingane blir sette saman slik at vi ser ein logisk samanheng. Dette kallar vi plott eller handlingsgang. Plottet kan byggjast på ulikt vis, det finst fleire modellar eller mønster. Måten plottet er bygd på, kallar vi også for dramaturgi.

Hollywood-modellen

Filmspråket har utvikla seg ulikt i ulike delar av verda. I dag finn vi dei største produksjonsmiljøa i Hollywood (USA) og Mumbai (India). Her skal vi konsentrere oss om spelefilmar frå Hollywood, rett og slett fordi denne tradisjonen dominerer på norske kinoar og i norsk fjernsyn. Filmane frå Hollywood har gitt namn til ein eigen forteljemåte som vi kan kalle Hollywood-modellen. Hollywood-modellen passar godt dersom ein vil skape ein film med så mykje spenning som mogleg. Det er elles slett ikkje berre Hollywood-regissørar som bruker han.

Les meir

Litt historikk

Det er den amerikanske filmregissøren David Wark Griffith (1875-1948) som blir rekna som opphavsmannen til Hollywood-modellen. Men modellen har historiske røter langt tilbake i tid. Han har blant anna mykje til felles med med modellen for tragedien som Aristoteles beskreiv i boka Poetikken for over 2000 år sidan.

Dramaturgi kjem for øvrig frå det greske ordet dramatúrgein, som tyder å komponere eit drama. Opphavleg var dramaet ein tekst som blei framført i eit teater. Meir generelt bruker vi ordet dramaturgi om det å byggje opp ei spenningskurve i alle slags tekstar, i film og fjernsyn, til og med i musikken.

skjul

 

Innhaldet i kapitlet

I dette kapitlet finn du

  • ein presentasjon av Hollywood-modellen
  • eit gjennomgang av filmen "King Kong", som er eit godt eksempel på bruk av Hollywood-modellen
  • eit skjema for analyse av spelefilm som du kan bruke når du jobbar grundig med ein film
  • ei filmordliste med faguttrykk som blir brukte i oppgåvene og i fagteksten elles
  • ei oppgåveside med totalt ni oppgåver av ulikt omfang
Relatert innhald

Generelt