Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ditt Utopia

For å få til eit perfekt samfunn er det mange problem som må løysast. Her kan de gjennomføre eit spel der de prøver å finne kreative løysingar på viktige problem.
Eit par kledd i klede frå byrjinga av 1900-talet sit opptatt med kvar sin telegraf med antenne i hatten. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spelet:

  1. Gå saman i grupper.
  2. Skriv ned nokre samfunnsproblem som bør løysast for at det ideelle samfunnet kan bli ein realitet, på nokre lappar. På lappane kan de til dømes skrive sosial ulikskap, likestilling, krig, demokrati, fattigdom, diskriminering, psykiske problem, mobbing, einsemd, rasisme eller andre viktige utfordringar for samfunnet.
  3. Start med at den eine trekkjer en lapp. Denne eleven skal så forklare for medelevane korleis han eller ho vil forsøkje å løyse dette problemet i idealsamfunnet sitt. Forklar så konkret som mogleg korleis de skal løyse problema. I ramma under kan de sjå døme frå kjende utopiar.
  4. Etter at den som starta har presentert forslaget sitt, kan dei andre elevane gi forslaget poeng. Eitt poeng for eit ok svar. To poeng for eit veldig godt svar. Det gode svaret skal vere konkret og mogleg å gjennomføre.
  5. Putt lappen tilbake, og la den neste trekkje ein ny lapp.
  6. Til slutt skal gruppa velje ut det beste forslaget og presentere det for klassen.

Døme:


  • Platon[1] meinte det var eit problem at dei som styrte tenkte mest på seg sjølve og familien sin. Derfor måtte dei som styrte ikkje eige noko, ikkje gifte seg, og fekk dei barn, måtte dei overlate dei til staten.
  • I Thomas Moore[2] sitt samfunn Utopia har dei ein effektiv måte å skremme fiendtlege leiarar frå å gå til krig mot dei. Dei tilbyr ei stor påskjøning til ein kvar som drep leiaren for det landet som vel å gå til åtak på dei.
  • I Gullivers reiser av Jonathan Swift[3] skildrar han korleis Houyhnhnmerene, eit utopisk samfunn av snakkande hestar, unngår at nokon skammar seg over kroppen sin ved å alltid gå nakne.
CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2022

Læringsressursar

Det gode samfunnet