Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Moglegheiter og utfordringar med droneopptak

Kva for moglegheiter og utfordringar må de vurdere og balansere opp mot kvarandre når de planlegg å bruke droneklipp som verkemiddel?

Ein nybegynnarfeil innan dronefilming er at ein ofte virrar for mykje med kamera. Tenk at du skal flyge roleg og stødig utan for mange rørsler på dronen. Det gir som regel best resultat.

Undersøk droneklipp som verkemiddel

  1. Finn eksempel på ein produksjon der du meiner dronebilete/film har løfta kvaliteten på det ferdige produktet.
    • Drøft kvifor kvaliteten er betre, og kva dronen har tilført historia. Kunne dette vore løyst på ein annan måte? Klarer du å finne eksempel på unødig eller overdriven bruk av drone?
  2. Sjå tilbake på eit medieprodukt du allereie har laga, eller kanskje du planlegg eit medieprodukt? På kva slags måte kunne ein drone hjelpe deg til å fortelje historia på ein betre måte?

Omsyn til regelverk

Her følgjer dronen aktivt etter vannscootarane i eit planlagt opptak. Fartsretning er valt for å få motlys frå kveldssola med i klippet. I tillegg flyg dronen lavt for å få større fartskjensle. Her er dronen innanfor 150 meters avstand frå menneske, men det er godkjent av aktørane i filmen.

  1. Du får i oppgåve å ta nokre bilete og videoklipp med drone under ein fotballkamp.
  • Kva må du tenkje på med omsyn til kreative løysingar?
  • Kva må du tenkje på med omsyn til regelverk?

Oppsummer og diskuter

  1. Oppsummer først. Bruk tavle, eit felles dokument eller noko liknande. Set opp argument og eksempel i to kolonnar, ein kolonne for moglegheiter som ligg i bruk av drone, og ein for utfordringar og hindringar.
  2. Diskuter dykk fam til og argument for:
  • Situasjonar der det definitivt bør brukast droneklipp i ein medieproduksjon.
  • Situasjonar der droneklipp definitivt ikkje bør brukast.
CC BY-SASkrive av Kolbjørn Larssen.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2018

Læringsressursar

Videoopptak med drone